Norsk røyndom
Håkon Kolmannskog, Kristina Leganger Iversen og Kristin FridtunFoto: Kristin Aafløy Opdan, Tale Hendnes, Lene Sørøy Neverdal

Norsk røyndom

17.30–18.15 Salen, Ivar Aasen-tunet
Forfattarane Kristina L. Iversen og Kristin Fridtun i samtale med forlagssjef i Samlaget, Håkon Kolmannskog, og Eivind Myklebust om sakprosabøkene si rolle i det moderne Noreg.

Fredag ettermiddag inviterer Festspela til samtale om moderne norsk sakprosa med utgangspunkt i Samlags-serien Norsk røyndom. Norsk røyndom er ein serie pamflettar som Samlaget gav ut i samband med 150-årsjubileet i fjor. – Vi ville gjerne løfte fram røyster utanfor den såkalla mainstream: folk som har annleis og unike perspektiv på den norske samtida, seier forlagssjef Håkon Kolmanskog i Samlaget. – Difor utfordra vi folk vi visste ville skrive godt, til å skrive om tema dei brann for, og som samstundes speglar den moderne og mangfaldige røyndomen i Noreg.

Serien fekk ei mottaking som overgjekk det han hadde sett for seg. Unge forfattarar har skrive korte og medrivande tekstar om å vere skeiv i dagens Noreg, eller å vere brun, flyktning, forkjempar for ytringsfridom, kritikar av marknadsmakt, eller det å få livssynet sitt skaka av ein plutseleg katastrofe. – Alle skriv sine eigne individuelle historier, men samstundes er det sentrale politiske spørsmål som blir tekne opp. Det har sjølvsagt vore eit mål å vekkje debatt og spore til refleksjon, seier Kolmanskog.

Ein av forfattarane, Kristin Fridtun, har skrive boka Homoflokar som er ein del av Norsk røyndom-serien.  I Salen samtaler Fridtun med Kolmanskog og forfattar Kristina Leganger Iversen. Litteraturkritikar Eivind Myklebust leier samtalen.

Bjørn Hatterud, som opphavleg skulle delta i samtalen, måtte dessverre melde avbod.

I samarbeid med Nasjonalbiblioteket / Bokåret 2019

Fredag 14. juni
17.30–18.15 Salen, Ivar Aasen-tunet
Kr 150 / student og ungdom 100
Kjøp billett