Samiske skuleforteljingar
Mari BoineFoto: Gregor Hohenberg

Samiske skuleforteljingar

16.00–16.45 Salen, Ivar Aasen-tunet
Mari Boine og Ánná Káisá Partapouli i samtale med Øystein Vangsnes om å vekse opp som samisk språkbrukar i den norske skulen.

Fredag ettermiddag fortel artisten Mari Boine og poeten Ánná Káisá Partapouli om å vere samisk i den norske skulen. Dei tilhøyrer to ulike generasjonar, og det set preg på erfaringane deira.

– For meg er det fint å sjå korleis dei som er unge i dag, er stolte over og trygge i det samiske språket på ein måte som min generasjon måtte kjempe oss til, seier Mari Boine. Sjølv vaks ho opp under fornorskingspolitikken og fekk ikkje lov å bruke morsmålet sitt på skulen. – Eg hugsar at eg leitte etter slike som meg i skulebøkene. Der var ein notis om at det fanst flyttsamar som dreiv med rein og som budde langt i nord. Men min familie hadde ikkje rein. Det var som om vi ikkje eksisterte.

Då ho i niande klasse for første gong såg ein lærar skrive ei samisk setning på tavla, var det som om «hundre tusen fuglar flaug ut av brystet mitt», fortel ho. – Eg visste ikkje eingong at eg hadde sakna det! Etterpå brukte eg lang tid på å verkeleg ta språket mitt tilbake og kvitte meg med kjensla av at det var mindreverdig. I Salen samtaler Boine om opplevingane sine med slampoet Ánná Káisá Partapouli, som vart kåra til årets unge samiske kunstnar i 2018 av Riddu Riđđu-festivalen. Øystein Vangsnes, professor i nordisk språkvitskap, leier samtalen.

Arrangement i høve UNESCO si markering av året for urfolksspråk

Fredag 14. juni
16.00–16.45 Salen, Ivar Aasen-tunet
Samiske skuleforteljingar
Kr 200 / student og ungdom 150
Kjøp billett