12-konsert i Volda kyrkje
Foto: Andreas Ulvo

12-konsert i Volda kyrkje

12.00–12.45 Volda kyrkje, Volda
Pianist Dag-Filip Roaldsnes presenterer eigen musikk. Saksofonist Håkon Hagen Knudsen er med som gjest

Laurdag kan du unne deg eit musikalsk avbrekk med jazzpianist Dag-Filip Roaldsnes. Roaldsnes, frå Valderøya utanfor Ålesund, er både pianist og komponist. Førebels har han bak seg to album under eige namn, i tillegg til fleire samarbeidsprosjekt med andre musikarar. På det siste albumet sitt, I eit landskap, utforskar han eigne røter og dei ulike landskapa ein møter på Valderøya og i Oslo. Her skaper han meditativ og nedtona musikk med element frå jazz så vel som klassisk musikk og samtidsmusikk, og der komposisjon samarbeider med improvisasjon. I Volda kyrkje presenterer Roaldsnes sin eigen musikk. Med seg som gjest har han saksofonist Håkon Hagen Knudsen.

Laurdag 15. juni
12.00–12.45 Volda kyrkje, Volda
Gratis