Begynnelser
Foto: Akam1k3, Aschehoug

Begynnelser

18.30–20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet
Lesing ved skodespelarar frå Det Norske Teatret

Skodespelarar ved Det Norske Teatret les frå Carl Frode Tillers Begynnelser i Salen laurdag.

Tillers roman Begynnelser frå 2017 handlar om Terje, som vi først møter ved punktet der han har prøvd å ta livet av seg. Deretter blir livet hans nøsta opp baklengs. Terje arbeider som naturvernkonsulent og har eit sterkt engasjement for dei utryddingstruga dyreartane i området han er sett til å forvalte. Samstundes kjem han som menneske heile tida til kort mot forventningane frå både menneska rundt seg og seg sjølv. Det økologiske samanbrotet han ser utspele seg ikring seg, speglar den indre striden hans og det vonde i at han ikkje meistrar dei nære relasjonane sine. Kvar ny episode vi er vitne til, blir ei ny brikke i puslespelet som til saman viser korleis Terje har hamna der han er.

I Salen laurdag kan du unne deg ei litterær oppleving utanom det vanlege når skodespelarar frå Det Norske Teatret les utdrag frå romanen.

Laurdag 15. juni
18.30–20.00 Ivar Aasen-tunet
Kr 250 / student og ungdom 150
Kjøp billett