Festspelfrukost
Dei nynorske festspela 2018. Festspelfrukost, gågata, Ørsta sentrum. Opning av Kunstgata, Roar Hagen, Åmdalskoret Berre damer, Ørsta hornmusikk.Foto: Tonje Sætre

Festspelfrukost

10.30 Vikegata, Ørsta sentrum
Arrangør: Butikkane i Vikegata, Ørsta næringskontor, Amfi Ørsta og Volda og Ørsta kunstlag

Laurdag morgon er eit høgdepunkt for svært mange i løpet av Festspela. Du kan glede deg til god mat, staseleg musikk og folkeliv i Ørsta sentrum! Festspela handlar om å gjere oss rikare. Rikare på kunnskap, opplevingar og på gode møte mellom menneske. Det siste kan vi aldri få nok av. Å finne saman rundt eit godt måltid er gjerne det beste av alt, og kva er vel betre enn ein roleg frukost i godt lag? Ørsta er ei bygd som har mykje å by på. Når det er festspelfrukost i Vikegata, går næringslivet, ulike frivillige lag og Dei nynorske festspela saman for å skape ein skikkeleg folkefest. Med den flotte Svendsengarden i sentrum har Ørsta ei svært tiltalande handlegate. Kvar sommar blir ho fylt med kunst. Under festspelfrukosten blir Kunstgata opna. Lokale korps og kor stiller opp og set stemninga, her blir marknad med flotte salsbuer, og alle medverkande har tinga strålande sol. Kan festspellaurdagen få ein betre start? Etterpå er du garantert klar for nytt påfyll av litteratur, poesi og musikk.

Laurdag 15. juni
10.30 Vikegata, Ørsta sentrum
Gratis