Festsprell på Fru Svendsen: Vegard Markhus
Vegard Markhus med boka Det runde problemetFoto: privat

Festsprell på Fru Svendsen: Vegard Markhus

12.00–12.30 Fru Svendsen, Ørsta
Bokkafé for dei minste. Vegard Markhus les frå Det runde problemet. I samarbeid med Ørsta folkebibliotek

Robert kjenner at ikkje alt er som det skal vere. Han høyrer ikkje vekkjarklokka, han ser ikkje rotet rundt seg eller blåfargen på himmelen. Det er noko han manglar, men kva? Det må ha noko å gjere med ei rund greie som han finn på golvet – men kva skal no den brukast til?

Det runde problemet er den så langt siste i rekkja av biletbøker av forfattar og illustratør Vegard Markhus. Markhus byd gjerne på absurde og humoristiske forteljingar i bøkene sine, uttrykt gjennom eit naivistisk biletspråk.

Laurdag les han frå boka på bokkafé for dei minste på Fru Svendsen i Ørsta.

Laurdag 15. juni
12.00–12.30 Fru Svendsen, Ørsta
Kr 80 / familie per person 60
Kjøp billett