Forfattarane sine Fosse-favorittar
Foto: Akam1k3,Tove K. Breistein, Sturlason, Tuva Maria Engdal

Forfattarane sine Fosse-favorittar

17.00–17.45 Salen, Ivar Aasen-tunet
Carl Frode Tiller, Aina Basso og Susanne Skogstad i samtale med Eivind Myklebust om sine Jon Fosse-favorittar, og kva han betyr for dei som lesarar og forfattarar

Festspeldiktar Carl Frode Tiller og debutant Susanne Skogstad lèt seg begge inspirere av Jon Fosse. Høyr kvifor i Salen laurdag.

– Mitt første møte med Jon Fosse var då eg las skodespelet Nokon kjem til å komme. Sidan har eg lese mykje av han, både dikt og prosa og librettoar. Rytmen og musikaliteten i språket hans var det første som gjorde inntrykk på meg, seier Susanne Skogstad. 27-åringen frå Eid debuterte med romanen Svartstilla i fjor, og meldarane var snare til å dra parallellar til Fosse. Etter kvart lét Skogstad seg også fengsle av mannen sjølv og grunnane hans til å skrive, like mykje som av tekstane hans. – Eg las ein gong at Fosse har skildra det å skrive som ei form for bøn. Dei religiøse konnotasjonane i verka hans finn eg svært fascinerande, seier ho.

Også festspeldiktar Carl Frode Tiller blir ofte samanlikna med Jon Fosse når det gjeld måten han bruker språk og bilete på.

I Salen laurdag samtaler Skogstad og Tiller om sine Jon Fosse-favorittar med litteraturkritikar Eivind Myklebust.

Laurdag 15. juni
17.00–17.45 Ivar Aasen-tunet
Kr 200 / student og ungdom 150
Kjøp billett