Forteljinga om oss
Foto: Julie Pike

Forteljinga om oss

13.00–13.45 Ivar-Aasen tunet
Kjartan Fløgstad, førsteamanuensis Eli Bjørhusdal og professor i historie Inger Marie Okkenhaug i samtale med førsteamanuensis Heming Gujord.

Korleis blir historia skriven, og kven kjem til orde undervegs? Kven hugsar vi, og kven har vi gløymt?

Den viktigaste forteljinga vi alle deler, er forteljinga om oss: historiene om korleis samfunnet og kulturen vår er blitt til og blitt forma i alle åra som har gått. Både kunst, litteratur og akademia spelar ei rolle i korleis vi skaper den kollektive, delte historia vår. Kjartan Fløgstads forfattarskap er prega av oppveksten i industribygda Sauda, og han har vore svært oppteken av den industrielle arbeidarklassa.

Førsteamanuensis Eli Bjørhusdal kjem til Festspela for å fortelje om kvinnene i målrørsla. For mange er nok forteljinga om nynorsken ei forteljing om menn. Korleis hadde forteljinga sett ut dersom kvinnene i større grad hadde vore inkluderte? Historieprofessor Inger Marie Okkenhaug har forska på misjonærhistoria, og dessutan spørsmål og kjønn og religion. Alle tre møter førsteamanuensis Heming H. Gujord til samtale om kven som blir hugsa og kven vi kanskje overser litt for lett når historia blir skriven.

Laurdag 15. juni
13.00–13.45 Ivar-Aasen tunet
Kr 150 / student og ungdom 100
Kjøp billett