Når landet mørknar, Tore Kvæven
Foto: Tommy Ellingsen

Når landet mørknar, Tore Kvæven

11.00–11.45 Naustet i Bugafjøra, Ørsta
Tore Kvæven i samtale med Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør i Nynorsk kultursentrum

Tore Kvæven fekk Brageprisen for romanen sin om Grønland i mellomalderen. Bli betre kjend med bok og forfattar laurdag.

Når landet mørknar, den andre historiske romanen Tore Kvæven har skrive for vaksne, er ei vidtfemnande forteljing om livet på Grønland i ei brytningstid. Her tek forfattaren lesaren med inn i hovudet på ikkje berre menneska som lever her, men også kvalrossen og isbjørnen som deler landet med dei.

Laurdag formiddag snakkar Kvæven om boka med Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør i Nynorsk kultursentrum. – Romanen dekkjer eit stort persongalleri og mange hendingar, og har ikkje nødvendigvis ei tydeleg forteljing. Eg vil høyre litt om korleis han går fram når han skildrar så mange personar og handlingar innanfor ei større ramme, seier Sandsmark.

Den historiske romanen som sjanger blir også eit tema. – Det er ein tydeleg tradisjon for historiske romanar i nynorsk skriftkultur. Tore Kvæven og Edvard Hoem er kanskje dei fremste eksponentane for denne sjangeren i dag, som har vore svært viktig i tidlegare periodar. Korleis kan ein bruke den historiske romanen til å undersøkje fortida? spør Sandsmark. Samtalen blir halden i naustet i Bugafjøra, som er ein ny arena i festspelsamanheng. – Naustet passar godt til motiva i romanen, og å samlast der på formiddagen trur eg vil skape ein fin atmosfære, seier Sandsmark.

Naustet i Bugafjøra ligg ved Industrivegen på Rystelandet i Ørsta. Når ein tek av frå E39 (Voldavegen) til Industrivegen finn ein parkering og naustet ved første avkøyrsle til høgre. Der er også høve til å parkere ved badeplassen overfor Ørsta camping. Derifrå kan ein gå langs fjøra eller på gang- og sykkelveg til Bugafjøra.

 

Laurdag 15. juni

11.00–11.45 Naustet i Bugafjøra, Ørsta
Kr 200 / student og ungdom 150
Kjøp billett

Når landet mørknar, Tore Kvæven
Bugafjøra.jpg