SPRUT – forteljinga om kroppsvæskene våre
Foto: Tove K. Breistein

SPRUT – forteljinga om kroppsvæskene våre

15.45–16.30 Salen, Ivar Aasen-tunet
Åsmund H. Eikenes i samtale med Per Olav Aukrust Alvestad

Kroppsvæsker kan fortelje mykje både om oss sjølve og om samfunnet. Det får du høyre meir om i Salen laurdag.

Biolog og forfattar Åsmund H. Eikenes kom i fjor med boka SPRUT. Historia om kroppsvæskene våre. Den handlar sjølvsagt om gamle kjenningar som blod, urin, sveitte og sæd, men også om kroppsvæsker vi sjeldan tenkjer på, som slimet i livmorhalsen og vatnet rundt hjernen. Alle har dei sine særskilde og viktige funksjonar.

Laurdag snakkar Eikenes om kva vi veit om kroppsvæsker, og korleis vi veit det, saman med Per Olav Alvestad, som mange kjenner frå NRK-program som Schrødingers katt og Når kjemien stemmer. – Per Olav er, som eg sjølv, oppteken av korleis ny kunnskap om medisin og kropp har forma samfunnet vårt. Slik kunnskap er tett knytt til idear om kva samfunn vi vil ha, og korleis vi kan skape eit samfunn som er godt for alle, seier Eikenes.

Funksjonane til vatnet i hjernen er vi ikkje eingong ferdige med å kartleggje, sjølv om vi veit at det er viktig for svevn, for minne og for å motverke aldring. – Difor er det spennande å snakke om det, seier Eikenes, som ved hjelp av kroppsvæskene gjerne vil medverke til å skape betre samtalar om viktige tema som bioteknologi. – Kanskje kan vi gjere framtidsscenaria litt meir tilgjengelege for folk flest, seier han.

Laurdag 15. juni
15.45–16.30 Ivar Aasen-tunet
Kr 150 / student og ungdom 100
Kjøp billett