Sigvart Dagsland
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen

Sigvart Dagsland

Det blir melodiøs poprock på stavangersk når Sigvart Dagsland med band gjestar uteamfiet laurdag kveld.

– Publikum kan vente seg nye låtar, litt eldre låtar og steingamle låtar, seier Sigvart Dagsland om laurdagskonserten i uteamfiet, der han vil stå på scena med fullt band. Han kallar det å vere på tur med bandet for sjølve «moderskipet », det han alltid kjem tilbake til innimellom andre musikalske prosjekt. For ein artist som alltid har sunge på dialekt – sjølv om han er bokmålsbrukar – er det ei ære å bli invitert til å opptre i Aasen-tunet, fortel Dagsland, som kjenner seg heime i årets festspeltema, "Forteljingar". – Eg tykkjer jo at det er forteljingar eg alltid har drive med, berre på musikalsk vis. Der Dagsland dei første åra song tekstar skrivne av andre, skriv han no det meste av tekstane sjølv. No er han i gang med å skrive eit nytt album. – Med tida har forteljingane mine blitt mindre. Nokon har sagt at kjem du langt nok inn i det private, så blir det universelt, og det tykkjer eg stemmer. På dei tidlege platene mine, med tekstar av Erik Hillestad, handla det mykje om verdsproblem, og vi gjekk breitt ut. No er forteljingane mine mindre og nærare, for med dei nære historiene kan ein få sagt mykje om det store, seier han.

Laurdag 15. juni
21.00–22.15 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Sigvart Dagsland
Kr 400 / honnør, student og ungdom 300 / barn 200
Kjøp billett