Verda den vide: Revitalisering av enaresamisk i Finland
Mervi SkopetsFoto: Privat

Verda den vide: Revitalisering av enaresamisk i Finland

14.15–15.00 Salen, Ivar Aasen-tunet
Foredrag ved lektor Mervi Skopets

Revitaliseringa av enaresamisk i Finland kan gi håp til andre utryddingstruga språk. Høyr Mervi Skopets fortelje meir om dette i Salen laurdag.

På 1900-talet heldt enaresamisk, det einaste samiske språket som berre finst i Finland, på å døy ut etter lang tid med språkundertrykking. I 1997 vart det sett i gang ei revitalisering der nokre barnehagar fekk enaresamisk som hovudspråk. Metoden blir kalla «språkreir» og vart først brukt av maoriar i New Zealand. Likevel var det ein «tapt generasjon » av vaksne som korkje hadde lært enaresamisk heime eller i skulen. Universitetslektor Mervi Skopets sette i gang eit prosjekt der nokre motiverte vaksne som høyrde til utvalde yrkesgrupper, fekk intensiv språkopplæring gjennom eit år.

Ein nøkkel til suksessen var å mobilisere eldre morsmålsbrukarar til å samtale med studentane, ofte medan dei gjorde aktivitetar i lag, som fisking og matlaging. Etter opplæringa kunne studentane vere med og skape nye arenaer for bruk av enaresamisk i yrkeskvardagen sin. Erfaringane frå prosjektet kan hjelpe andre som arbeider systematisk med å revitalisere truga minoritetsspråk.

Laurdag 15. juni
14.15–15.00 Ivar Aasen-tunet
Kr 150 / student og ungdom 100
Kjøp billett