Aasen-stemnet 2019
Foto: Agnete Brun

Aasen-stemnet 2019

15.00–16.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Stemnetale ved Maria Parr. Sandharpesongar ved Kjartan Fløgstad

På årets Aasen-stemne kan du høyre lyrikk av Kjartan Fløgstad med tonefølgje frå nokre av dei fremste folkemusikarane i Noreg.

Som alltid blir Festspela avslutta med det tradisjonsrike Aasen-stemnet i uteamfiet. I år er det forfattar Maria Parr, også kjend som superstjerna i norsk barnelitteratur, som held stemnetalen. Deretter inntek forfattar Kjartan Fløgstad scena, i lag med den musikalske multikunstnaren Gabriel Fliflet, songar og kvedar Berit Opheim, og felespelar Jorun Marie Kvernberg. Fløgstad var lyrikar før han var romanforfattar, og romanane hans inneheld mykje poesi. Med åra har ulike komponistar, som Lars Klevstrand, Tom Roger Aadland og Lars Bremnes, sett melodi til ei rekkje av dikta. I nokre tilfelle har same dikt fått fleire ulike melodiar. I fjor vart songane samla og utgitt med notar og besifring i songboka Sandharpesongar. Sidan har Fløgstad ved ulike høve framført sandharpesongane frå scena i lag med fleire av komponistane. Ein av dei er Gabriel Fliflet, kjend for sitt sjangerblandande og folkemusikalske overskot. – Fliflet bad om å få tonesetje eitt av dikta mine for mange år sidan, og sidan har eg sendt han dikt no og då som han har laga melodi til, og han har sendt meg melodiar som eg set ord til, fortel Fløgstad. Fliflet sin musikk utgjer hovudvekta av programmet denne dagen, men det kan godt hende det dukkar opp songar av andre komponistar òg.

Søndag 16. juni
15.00–16.30 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Aasen-stemnet
Kr 300 / honnør, student og ungdom 200 / barn 150
Kjøp billett