Bibelforteljingar
Foto: kirken.no, Agnete Brun

Bibelforteljingar

13.00–13.45 Salen, Ivar Aasen-tunet
Domprost Ragnhild Jepsen og Jan Inge Sørbø i samtale med direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark

Forteljingane i Bibelen er opptil fleire tusen år gamle, men kan framleis tale til oss i dag. I Bibelen finn vi nokre av dei mest grunnleggjande forteljingane i kulturen vår. Dei har sett sitt preg på samfunnet, språka og symbolikken i vår del av verda gjennom mange hundre år.

Etter kyrkjetid søndag vil Ragnhild Jepsen, domprost i Nidaros, og professor Jan Inge Sørbø ved Høgskulen i Volda presentere nokre bibelforteljingar som er viktige for dei. – Eg ser etter forteljingar som har både tidlause og litterære kvalitetar, som kan inngå i ein større samanheng, og som vi kan relatere til liva våre her og no, seier Jepsen.

Bibelforteljingane kan også endre meining for henne med tida. – Det har med alder, visdom og livssituasjon å gjere, seier ho, og ho samanliknar det med å lese bøkene om Kristin Lavransdatter, som kan vere kjelde til stadig nye oppdagingar etter som ein sjølv går gjennom ulike livsfasar. – Det er noko som gjeld alle store forteljingar, trur Jepsen.

Direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark er samtaleleiar.

Søndag 16. juni
13.00–13.45 Ivar Aasen-tunet
Kr 150 / student og ungdom 100
Kjøp billett