Festsprell: På Barneboktua
Lesestund på HøgetuaFoto: Laila Walseth Lid

Festsprell: På Barneboktua

13.00–13.30 Høgetua, Ivar Aasen-tunet
Allsong: «Eg og du i sol og vind» av Hilde Myklebust/Siril M. Hauge. Høgtlesing frå Ulla av Anna R. Folkestad

Som alltid skjer det spennande ting for den som finn vegen til barneboktua i Aasen-tunet søndag. Anna R. Folkestad har laga fleire bøker for barn, og søndag les ho frå den nye boka si, som heiter Ulla.

Lammet Ulla er kjempegod til å leike gøymsel, faktisk så god at dei andre ikkje greier å finne henne. Når ho kjem fram frå gøymestaden, er flokken hennar borte!

På leit etter flokken møter Ulla heldigvis fleire andre dyr som kan hjelpe henne når noko ser farleg ut.

Langs vegen og i skogen frå tunet til barneboktua må barna leite etter vers som blir sungne eller lesne av Volda Vokal. Og kanskje endar det med at alle får syngje i lag!

 

Søndag 16. juni
13.00–13.30 Høgetua, Ivar Aasen-tunet
Gratis