BokkeReidars BluesBand med Side Brok
BokkeReidars og Side BrokFoto: Johan Vipper og Tord Lejon

BokkeReidars BluesBand med Side Brok

21.00–22.15 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Utdeling av prisen for Årets nynorskbrukar rett før konsertstart

Blues og rapp går opp i ei høgare eining når BokkeReidars Blues Band tek med seg hiphoparane i Side Brok til uteamfiet torsdag kveld. – Folk kan forvente full trøkk, forsikrar Svein Hunnes, bassist og musikalsk sjef i BokkeReidars Blues Band. Noregs lengstlevande aktive bluesband kjem til uteamfiet i lag med ørstarapparane i Side Brok, som dei har samarbeidd med frå tid til anna dei seinare åra. – BokkeReidars Blues Band tek ansvar for det musikalske, og så spelar vi ball att og fram med Side Brok om det tekstlege. Denne blandinga av rapp og blues er vi nokså åleine om her til lands, men det er blitt betre enn det sjølv dei mest skeptiske trudde, seier Hunnes. Han gleder seg til å spele for heimepublikum i uteamfiet. – Det er jo litt rart å vere på programmet til ein stor kulturfestival innimellom seriøse nynorskbrukarar som skriv dikt og slikt. Men det ligg no i bluesens natur å syngje mykje om kvinnfolk. Så får publikum ta det for det det er, seier han. BokkeReidars Blues Band hadde allereie vore aktive i tjue år då dei byrja å syngje på sunnmørsdialekt i staden for engelsk. – Vi prøver å leggje tekstane så nær opp til talemålet som råd. Det fungerer veldig bra, også i bokmålsland. Til og med då vi spela i New York sist haust, tykte folk det var heilt topp, seier Hunnes.

Torsdag 13. juni
21.00–22.15 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Bokkereidars Bluesband med Side Brok
Kr 350 i amfiet/ Honnør, student og ungdom 250 / barn 200
Kjøp billett