Festspelopning
Kristin FridtunFoto: Lene Sørøy Neverdal

Festspelopning

18.00–19.00 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Festspeldiktar Carl Frode Tiller framfører ein nyskriven tekst til musikk av Stian Westerhus.

I år blir Festspela opna utandørs, med Aasen-rapp som avslutning. Som vanleg skal festspeldiktaren i elden under opninga, med ein tekst skriven spesielt for dette høvet. Teksten til festspeldiktar Carl Frode Tiller får musikalsk tonefølgje av jazzgitarist Stian Westerhus. Dei to har delt scene ved mange høve, og Tiller er kjend for å bruke musikk som språkleg inspirasjon i skrivinga. I år er det forfattar og filolog Kristin Fridtun som held opningstalen. Ho har akkurat kome med ei bok om metaforar og biletbruk i språkdebatten, og det synest ho er bra å snakke om når temaet for årets festspel er «Forteljingar». – I eit historisk perspektiv er det til dømes interessant kor ofte språk er blitt omtalt som eit byggverk, og korleis vi lagar forteljingar om at nokon «byggjer» eller «reiser» språket, medan andre «vandaliserer» eller «riv det ned», seier Fridtun. Det blir også ei helsing frå kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen. Sist, men ikkje minst, vil eit barnekor framføre Ivar Aasen-slageren «Nordmannen » i ny og spenstig gjendikting ved Runar Gudnason, og med musikalsk arrangement av Gunnar Sigve Aurdal. Det er første gongen denne moderniserte versjonen blir framført for eit nasjonalt publikum. Det heile blir losa trygt i hamn av Tone Slenes, som tek over som dagleg leiar i Aasen-tunet frå august i år.

Torsdag 13. juni

18.00–19.00 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Festspelopning
Kr 200 / honnør, student og ungdom 150
Kjøp billett