Målbar: Egil Olsen
Foto: privat

Målbar: Egil Olsen

23.00–01.00 Peisestova, Møre folkehøgskule, Ørsta
Eksklusiv nynorsk-konsert med Ørsta sin fremste songar/songskrivar.

Du går vel ikkje og legg deg utan ein tur på Målbar? Som alltid blir det kveldsnedtrapping – eller opptrapping, alt ettersom – på Møre Folkehøgskule kvar kveld under Festspela.

orsdag kan du få med deg songar/ songskrivar Egil Olsen, som framfører eigne songar i nynorsk omsetjing i staden for i original engelsk versjon. Og sidan nynorsk passar så fint i dikt, blir konserten litt meir poetisk enn vanleg. – Eg kjem til å gjere eit poeng ut av å proklamere tekstane i staden for å syngje dei, det blir altså meir «spoken word», eller «snakka ord», som det heiter i nynorsk omsetjing, seier Torvund Olsen. Nokre songar i originalversjon blir det også plass til, trur han, og kanskje til og med nokre refleksjonar rundt dette med språk og tekst.

Torsdag 13. juni 
23.15–23.45
Målbar
23.00–01.00 Møre folkehøgskule, Ørsta
Kr 150 / student og ungdom 100
Kjøp billett