Opning kunstutstilling
Foto: Volda og Ørsta kunstlag

Opning kunstutstilling

16.30 Kunsthuset, Ørsta
Opning kunstutstilling. Nytt Olav Strømme-galleri i Ørsta. Arrangør: Volda og Ørsta kunstlag

Biletkunstnaren Olav Strømme vaks opp i Hovdebygda. Under Festspela opnar Kunsthuset i Ørsta eit nasjonalt galleri med bileta hans.

Strømme, som var fødd i 1909 og tok kunstutdanning i Oslo, var ein pioner for abstrakt måleri i Noreg. Volda og Ørsta kunstlag har hatt ei stor samling av verka hans i Kunsthuset. No er lokala renoverte og samlinga er utvida, og det nye Strømme-galleriet blir høgtidleg opna torsdag. I galleriet kan ein sjå verk frå ulike fasar i den femti år lange karrieren hans.

Torsdag 13. juni
16.30 Kunsthuset, Ørsta
Gratis