Tre om Tiller
Carl Frode TillerFoto: Akam1k3

Tre om Tiller

19.45–20.30 Utstillinga, Ivar Aasen-tunet
Opning av årets temautstilling. Eivind Myklebust, Ruth Lillegraven og bibliotekar Siri Beate Gjerde om sitt forhold til Tiller sin forfattarskap.

Festspeldiktar Carl Frode Tiller har gripe mange med forfattarskapen sin. Du høyrer frå tre av dei i utstillinga torsdag. Då opnar temautstillinga om festspeldiktaren, som mellom anna ser på produksjonen hans og korleis han nærmar seg skrivinga.

I samband med opninga vil litteraturkritikar Eivind Myklebust, Siri Beate Gjerde, bibliotekar i Aasen-tunet, og forfattar og tidlegare festspeldiktar Ruth Lillegraven lese kvar sin tekst om sitt forhold til Tillers forfattarskap. Ruth Lillegraven kallar Tillers bøker for «bøker som røskar». Då ho las den så langt siste romanen hans, Begynnelser, vart ho først irritert over å bli dragsa med, baklengs, på ei deprimerande livsreise. Men då ho var ferdig, tykte ho boka var så fin at ho skreiv til Tiller og takka. Ho set pris på evna hans til å vise fram menneske på godt og vondt, og dessutan dei detaljerte skildringane hans. – Sjølv kan eg vere litt utolmodig i skrivinga mi. Når eg les Tiller, tenkjer eg at ein godt kan ta seg tid til å skildre ting, og så heller kutte om nødvendig, seier Lillegraven.

Torsdag 13. juni
19.45–20.30 Utstillinga, Ivar Aasen-tunet
Tre om Tiller
Kr 150 / student og ungdom 100
Kjøp billett