Festspelpasset 2020

Dei nynorske festspela 2019. Konsert med BokkeReidars Blues Band og Side Brok. Uteamfiet, Aasen-tunet, 13.6.2019. Foto Maren Vassbotn

OPPDATERT: Virusutbrotet gjer at Dei nynorske festspela i Ivar Aasen-tunet, Ørsta og Volda vert avlyst. No planlegg Nynorsk kultursentrum i staden eit digitalt tilbod utover våren og sommaren, og nye opplevingar til hausten.

Den beste festivalopplevinga får du med festspelpass! Festspelpasset gir deg fri tilgang til alle arrangement i regi av Dei nynorske festspela. 

Frå 11. til 14. juni feirar Dei nynorske festspela nynorsk  språk og litteratur og det norske dialektmangfaldet gjennom samtalar, lesingar, konsertar og meir. 

Med festspelpasset slepp du inn på alle arrangement så sant der er plass. For arrangement med avgrensa plassar har du høve til å reservere ein fribillett for å vere sikker. Ta kontakt med oss på e-post billett@aasentunet.no etter kvart som du ser slike arrangement på programmet, eller når det fullstendige programmet er offentleggjort.

Det fullstendige programmet vil vere klart og offentleggjort i løpet av mars. Når du kjøper festspelpass registrerer du namn og kontaktinformasjon slik at vi også kan kontakte deg for å minne deg om høvet til å reservere plassar.

Meld deg på nyheitsbrevet og hald deg oppdatert på det som skjer i Ivar Aasen-tunet!