Vil du bli frivillig?

Kvart år er om lag femti personar med på å gjere Dei nynorske festspela til ei god oppleving for både utøvarar og publikum. Som frivillig på Festspela får du gode opplevingar og ein unik sjanse til å knyte nye kontaktar.

Under Festspela treng vi hjelp til mellom anna utøvartransport, billettkontroll, rydding, vakthald og parkering. Dei som er frivillige får fribillettar til festspelarrangement, t-skjorte og festspelfest med mat og drikke. Dei frivillige er organisert i ulike grupper.

Arrangement
Hjelpe til på arrangement som er på andre stadar enn i Aasen-tunet og bidreg med billettkontroll, møblering og anna organisering.

Born og unge
Førebur aktivitetar og hjelper til der det trengs undervegs.

Tun
Hjelpe til i butikk og kafé, utstilling og rydde uteområde.

Transport
Køyre utøvarar til og frå flyplassen, hotellet og arenaer, varelevering og -henting. Vi har eigne bilar.

Rigg
Førebuing til større arrangement treng fleire hender undervegs.

Vil du vere frivillig på Dei nynorske festspela ringjer du oss på telefon 70 04 75 70 eller sender ein e-post til post@aasentunet.no.