Hoem og Nordstoga rett heim

Bilete av Odd Nordstoga og Stein Versto.
Festspeldikterane Odd Nordstoga og Stein Versto. Foto: Agnethe Brun og Ånond Versto.

Dei digitale festspela 2020 er i gang og 12. og 13. juni kan publikum få oppleve mellom anna Odd Nordstoga og Edvard Hoem heime i stova.

Før tiltak for smittevern kom i vegen for avviklinga skulle Nynorsk kultursentrum arrangere Dei nynorske festspela 11.–14. juni. No kan publikum heller benke seg i stova den helga for å bli betre kjende med årets festspeldiktarar, Odd Nordstoga og Stein Versto, og forfattar Edvard Hoem og dotter hans, artist Ine Hoem. Alle fire var ein del av dei opphavlege planane for festivalen.

Odd Nordstoga og Stein Versto er festspeldiktarar i 2020. Samarbeidet mellom dei har resultert i kjende songar som til dømes «Frøken Franzen». I sendinga 12. juli får publikum eit møte med desse to i samtale med journalist og forfattar Finn Tokvam. Det blir innslag av dikt og musikk.

Edvard Hoem er ein av landets mest kjende og populære forfattarar. Den 13. juni deltek han i direktesend konsert med dotter si, artist Ine Hoem. Der vil ho framføre både salmar og andre songar han har skrive, medan Edvard sjølv vil lese frå dei kritikarroste utvandrarromanane sine.

I år er Dei nynorske festspela digitale, og sidan 20. mai har ulike bidrag blitt publisert på nynorsk.no. Den digitale festivalen vil halde fram til 10. juli, og dei fleste innslaga er tilgjengelege for publikum også etter dette. I samarbeid med produksjonsselskapet Oclin og den digitale plattforma Vi er live vil Festspela produsere direktesendingar som publikum kan kjøpe tilgang til. Arrangementa blir sende frå eit studio
i Oslo.

– Det er spennande og kjekt å skape festspel på ein ny måte. Med gode folk både lokalt og i
hovudstaden gler vi oss til å nå publikum i heile landet, seier dagleg leiar i Aasen-tunet,
Tone Slenes.

Kjøp billettar til direktesendingane:
12. juni kl 19.00 Konsert: Ine Hoem og Edvard Hoem
13. juni kl 19.00 Ein kveld med Stein og Odd