Ivar Aasen-tunet: eit kulturpolitisk underverk

av Ottar Grepstad
Dette prosjektet er eit lite under, sa kulturminister Anne Enger Lahnstein då ho vitja byggjeplassen i Ivar Aasen-tunet under Dei Nynorske Festspela hausten 1999. Nett det er det: eit lite under, skapt ut frå ein laus idé gjennom ti års dugnadsarbeid, fleire hundre møte, endå fleire brev og uendeleg mange samtalar. Nynorskens stilling i dag er resultatet av ein imponerande kollektiv innsats. I handfast betong påviser Aasen-tunet kva eit fellesskap kan oppnå gjennom målretta arbeid.
 
Ivar Aasen-tunet er eitt av dei eldste musea i landet. På den tid Anders Sandvig tok til å samle hus på Maihaugen, sette Aasen-slekta opp eit hus på heimegarden i Ørsta for å ta vare på eignelutane etter Ivar Aasen. På slutten av 1980-talet var museumsstyret i ferd med å planleggje eit nybygg. Aasen-kjennaren Reidar Djupedal hadde testamentert heile boksamlinga si til museet, og dei 14 000 bøkene måtte kome under tak. Sommaren 1990 kom formannen i kyrkje- og undervisningskomiteen på Stortinget, Theo Koritzinsky, på vitjing til museet. Han kom til eit museum ”som sier altfor lite om Aasens livsverk, som har betydd så mye for vår skriftkultur”. Då avisene slo opp dette, var ei lita gruppe i Volda alt godt i gang med samtalemøte om den nynorske skriftkulturens plass i Noreg generelt og om Aasen i Hovdebygda spesielt.
 
Uavhengig av kvarandre var altså fleire miljø i ferd med å tenkje nytt. Utsegnene frå Løvebakken utløyste idémyldring, arbeid og planar. Eit første møte blei halde 13. november 1989. Ni dagar seinare var essensen formulert for det som skal bli Aasen-tunet: eit opplevings- og dokumentasjonssentrum. ”Dersom tradisjonen ikkje er synleg, kan han heller ikkje formidlast,” heitte det i dette første notatet, forfatta av språkforskaren Arne Apelseth og historikaren Jostein Nerbøvik.
 
Før jul bad eit mindretal i kyrkje- og undervisningskomiteen på Stortinget departementet i samarbeid med ”berørte instanser vurdere behovet og mulighetene for et nasjonalt kulturbygg for nynorsk språk og kultur”. Berre eitt år seinare var denne mindretalsmerknaden blitt eit fleirtalsvedtak om løyving av midlar til eit forprosjekt.
I mellomtida måtte det mange samtalar og møte til før dei lokale kreftene drog i same lei. Løysinga dei kunne semjast om, var eit nybygg i Aasen-tunet som dokumentasjonssenter og nasjonalt kulturbygg, og eit Ivar Aasen-institutt ved den dåverande distriktshøgskulen i Volda som knutepunkt for forsking omkring nynorsk skriftkultur. Grunntrekka var på plass alt i februar 1991. På to korte månader var den grunntanken utvikla som til slutt blei realisert. Dei første medarbeidarane ved Aasen-instituttet tok til i 1997, i Aasen-tunet i 1999.
 
I desember 1992 munna forprosjektet ut i eit nynorsk manifest på 158 tette sider:Ivar Aasen-senteret. Eit nasjonalt senter for nynorsk skriftkultur. Det dokumentet vil gå inn i norsk kulturhistorie som ei avgjerande fornying av forståinga av denne skriftkulturen. Dokumentet gjorde inntrykk i departementskorridorane, der det etter kvart var mange som hadde vore med og snakka planane om Aasen-senteret høgt opp på dagsordenen.
 
I august 1993 skipa 14 institusjonar og organisasjonar frå heile landet Ivar Aasen-stiftinga. Seinare slutta 6 andre seg til. Blant stiftarane var alle dei fire universiteta, fleire fylkeskommunar og alle dei sentrale nynorsk-institusjonane. Med myndig og følsam hand hadde Jostein Nerbøvik leidd arbeidet frå første stund. No fekk han eit meir formelt mandat og apparat rundt seg, ikkje minst med dette arbeidsutvalet: dramaturg og tidlegare mållagsleiar Ola E. Bø, lærar Jan Magne Dahle, museumsstyrar Jens Kåre Engeset, språkforskar og tidlegare mållagsleiar Jan Olav Fretland, med jurist Kari Bjørke som sekretær.
 
Dei skriv, dei snakkar, dei møtest, dei fotgår moglege støttespelarar i og utanfor Stortinget. Aldri gir dei slepp på grunntanken om at dette skal bli ein nasjonal institusjon. Vil Stortinget gjere det til eit regionalt tiltak, får det heller vere. Gruppa er sikker i si sak: Då kastar dei korta. Hos dei partia som i 1991 var med på ei fleirtalsløyving til forprosjektet, er det hos Arbeidarpartiet tanken om ein nasjonal institusjon sit lengst inne. Til slutt er det berre FrP som aldri sluttar seg til planane. Vegen frå ein liten mindretalsmerknad i 1990 til fleirtalsvedtak om bygging i 1995 er eit skuleeksempel i dyktig parlamentarisk handverk og målretta fagleg arbeid.
 
Statsråd Åse Kleveland brukte Aasen-året 1996 til å gi arkitekt Sverre Fehn i æresoppdrag å teikne det nye Aasen-tunet. Sunnmøringane brukte det same Aasen-året til å diskutere kvasst om det hadde noko for seg å byggje ein slik ny kulturinstitusjon. I Ørsta og Volda skreiv over 2000 seg på protestlister, men dei politiske vedtaka blei ståande. Ørsta og Volda kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Kulturdepartementet gjekk saman om å byggje institusjonen. For nær sagt kvart nytt dokument krympa nybygget. I forprosjektrapporten av 1992 skulle bygget vere på 2700 m 2 og koste 60 mill kr. Då bygget stod ferdig, var det redusert med 40 %, til 1600 m 2. Byggjerekneskapen blei som budsjettert: 53 mill kr.
 
Men før noko bygg kunne reisast, måtte lause tankar omformast til handfaste storleikar. Ei brukargruppe, igjen med Nerbøvik som leiar og med museumskjennaren John Aage Gjestrum som sekretær, hadde kome i gang våren 1996. Gruppa skulle tenkje ut innhald og bruk og klargjere premissane overfor byggherren Statsbygg. Eit års tid seinare var hovudtrekka i planane klare: eit bygg med konsert- og foredragssal, kafé, bibliotek, basisutstilling, dataspel og alt nødvendig utstyr for å digitalisere tekst og bilete til institusjonens nettstad. Særleg intenst arbeidde gruppa med spørsmål om det å setje eit språk på utstilling.
 
Staten skulle stå for det offentlege driftstilskotet til denne nasjonale institusjonen. Det innebar også statleg styreleiar og styrefleirtal. Våren 1998 tok historieprofessor og tidlegare rektor ved Universitetet i Tromsø, Narve Bjørgo, over leiarvervet. Her hadde departementet funne ein fagleg og administrativ tungvektar med både røynsle og målretta visjonar. Ivar Aasen-stiftinga blei døypt om til Nynorsk kultursentrum for å få fram at visst skal Ivar Aasen-tunet vere eit museum for Ivar Aasens liv og verk, men institusjonen skal også dekkje alt anna som vedrører nynorsk skriftkultur.
 
I det første notatet frå november 1990 dreiar heile prosjektet seg om ”å erstatte tomrom med innhald”. Ei basisutstilling i nybygget var eit vesentleg tiltak for å oppnå dette. Den skulle pregast av fleksibilitet, aktivisering og undring. Og slik blei det. Delar av utstillinga kan skiftast ut etter behov. Publikum får på svært ulike måtar høve til å aktivisere seg. Og der nokon kanskje ville ha vore påståelege og skrive lange manifest, byd utstillinga på undring og rom for ettertanke om språkleg rausheit og kulturell respekt. Uttrykket ”permanent utstilling” er bannlyst. Kvar einaste dag sidan opninga har det vore noko nytt i utstillinga. Slik vil det vere i framtida også. Denne dynamikken er noko heilt nytt i Sverre Fehns utstillingsestetikk, og er ikkje minst blitt utvikla av utstillingsprodusenten John Aage Gjestrum.
 
Etter ein idé frå Ola E. Bø fekk Senter for livslang læring på Lillehammer oppdraget med å lage eit dataspel om norske dialektar, med Arne Torp ved Universitetet i Oslo som fagleg rettleiar. Målet var å lage eit dataspel som både var underhaldande og lærande. Det skulle dekkje behovet for skuleklassar, og det skulle tilfredsstille dei mange krinsmeistrane i den norske folkesporten ”Kor kjem du frå?” Dialektspelet blei raskt ein publikumsvinnar.
 
Etter ti års tankearbeid og eitt års byggjetid stod nybygget ferdig våren 2000. Storting og regjering har realisert Aasen-tunet ”fordi vi erkjenner at det tospråklege har ein verdi i seg sjølv,” sa statsråd Ellen Horn i opningstalen 22. juni. ”Ved å ta lærdom av vår eigen fleirkulturelle situasjon, som nynorsken har prega så sterkt, vil vi også vere betre budde på å møte det fleirkulturelle internasjonale samfunnet. Denne kulturelle spenninga mellom jamstelte målformer, med alle dei spørsmål om makt som den spenninga inneber, er med og gjer norsk kultur interessant i andre land.”
 
For ein ny institusjon er ein god start avgjerande. Den dagen vi står overfor dei problema som nok vil kome, kan vi iallfall ikkje skulde på opningssesongen. Etter fire månaders drift passerte vi det budsjetterte besøkstalet for heile 2000. 60 % av besøket gjeld utstillingane, resten er arrangement.
 
Berre hausten 2000 har vi presentert m.a. platekåseri om Liverpool-poetane, foredrag om språkplanlegging i Zimbabwe, lysbileteforedrag om norsk fotohistorie og diskutert nynorsk som sidemål. FrP-representanten Per Inge Øye i Ørsta kommunestyre tok hatten av for haustprogrammet: ”Her er det fleire arrangement som til og med eg sjølv kan tenkje meg å vere med på!” Vi vonar at brei publikumsappell, sterke opplevingar, ny innsikt og høg kunstnarleg kvalitet vil ver kjennemerka for det publikumsretta arbeidet vårt. Kvart år kjem vi til å ha 70-80 eigne arrangement i Aasen-tunet, medrekna Dei Nynorske Festspela. Dette gjer Aasen-tunet til ein tung aktør blant norske kulturhus.
 
Publikum er med og gjer Aasen-tunet nasjonalt. Sommaren 2000 var 8 av 10 gjester tilreisande, kvar fjerde gjest budde i Oslo eller Akershus, og 4 av 10 gjester var bokmålsbrukarar. Det syner at institusjonen kryssar språk- og kulturskiljet  mellom bokmål og nynorsk. Og bokmålsbrukarane sette like stor pris på tilbodet vårt som nynorskbrukarar gjorde. Likevel trur eg nynorskbrukarane nytta tilbodet annleis. For somme var det ein mental kveik å kome hit, for andre ei stadfesting av at språket deira er godt nok.
Det finst i alt 16 nasjonale kulturinstitusjonar som staten har driftsansvaret for. Mellom Bergen og Trondheim finst det berre éin slik institusjon. Den ligg i Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda. Når vi ser besøkstal i høve til folketal i vertskommunen, blir Ivar Aasen-tunet blant dei største i landet.
 
Dessutan er dette ein av dei få nynorskinstitusjonane som ligg i eit nynorsk kjerneområde. Det gir oss ei anna innsikt i nynorskbrukarens kvardagsliv enn om også denne institusjonen hadde hamna i Oslo. I heile 2000 retta vi mest merksemd mot den lokale arenaen. Det gjaldt å snu skepsisen, oppheve likesæla, skape forventningar. No ser det ut til at den lokale arenaen er vunnen i første omgang. Alle slike arenaer må vinnast gong på gong. Men med eit positivt lokalt utgangspunkt blir det no mogleg å prioritere høgare den nasjonale og internasjonale delen av arbeidet vårt.
 
Nynorsk kultursentrum legg stor vekt på at institusjonen skal dekkje alle relevante faglege funksjonar og ha den faglege tyngda ein nasjonal institusjon treng. Vi skal ha noko å tilføre både Museums-Noreg og Nynorsk-Noreg. Også den fleksibiliteten som er lagd inn i utstillingsdelen, føreset oppfølging og rom for fagleg fornying. Balansen mellom fagleg tyngd og utoverretta formidling er enno ikkje funnen. Institusjonen skal leve gjennom utstillingar, aktivitetar og eit aktuelt programtilbod som strekkjer seg over heile året, med ein profil som både tek omsyn til innbyggjarane på Sunnmøre, den nasjonale opplevingsmarknaden og kvardagen til nynorskbrukarane.
 
Å byggje opp Aasen-tunet også som eit dokumentasjonssenter tek lenger tid enn å etablere eit fast kulturprogram. Eit dokumentasjonssenter inneheld både arkiv, bibliotek og museum, og Ivar Aasen-tunet dekkjer alle dei viktigaste oppgåvene for slike senter:
  • Forvalting av materiale som informasjons- og kjeldegrunnlag: Ved sida av ei komplett samling Aasen-gjenstandar og den største samlinga av Aasen-handskrifter utanom Nasjonalbiblioteket rommar Aasen-tunet Reidar Djupedals store boksamling, fleire mindre samlingar, og over 2000 originaldokument frå Sivert Aarflots arkiv er deponert her.
  • Systematisk dokumentasjon: ”Nynorsk faktabok” er ein svært omfattande dokumentasjon i tal av utviklinga for nynorsk skriftkultur. Boka kjem i ny utgåve i 2001. Materialet til boka Den store nynorske sitatboka utgjer ein database med 800 sitat om nynorsk gjennom to hundreår. Den bruker vi dagleg i Aasen-tunet.
  • Utoverretta informasjonsbehandling: Nettstaden aasentunet.no blir bygd ut etter kvart, og vil gjere det mogleg for publikum over heile landet å nytte tenester frå Nynorsk kultursentrum. Delar av samlingane vil bli digitaliserte. Alle gjenstandane etter Ivar Aasen er fotograferte, og denne gjenstandskatalogen vil bli lagd ut på nettstaden, ikkje minst til glede for lærarar over heile landet.
  • Sterke og til dels formelle bindingar til utdanning og forsking: Avtale med Dokumentasjonsprosjektet er på plass, samarbeidsavtalar med Ivar Aasen-instituttet og med Høgskulen i Volda vil kome, og redaksjonen i Norsk Ordbok leverer nye ordboksartiklar til nettstaden vår kvar veke.
  • Brukarorientert formidling ut frå folkeopplysingsideologien: Gjennom utstillingar, arrangement, kurs, foredrag og artiklar kan vi få publikum i tale. Til dømes er Ivar Aasen-tunet blant dei få museumsinstitusjonane som tilbyd ferdig utforma program for alt frå barnehagar til tredje klasse i vidaregåande skule. 
 
Aasen-tunet gir den nynorske skriftkulturen endå ein aktør i det språkpolitiske og allmennkulturelle ordskiftet. Språkpolitisk vil Nynorsk kultursentrum spele ei sjølvstendig, aktiv og kritisk rolle i høve til styresmaktene. Vi vil vere med og utvide det nynorske repertoaret. Vår oppgåve er ikkje å gjere fleire folk til nynorske læresveinar, men å auke spennvidda i arbeidet for nynorsk skriftkultur og dermed gi det daglege slitet betre grunnlag: Vi skal gjere det lettare å vere nynorskbrukar og lettare å bruke nynorsk, gjer nynorskbrukarane stolte av språket sitt, styrkje den kulturelle eigenidentiteten til nynorskbrukarane, og skape større forståing for nynorsk skriftkultur blant bokmålsbrukarar.
 
For å greie iallfall noko av dette, stiller Nynorsk kultursentrum med blanke ark, Sverre Fehns fargestiftar og det nye hundreårets behov.
 
Artikkelen stod på trykk i Språknytt nr. 4/2000 og i forkorta utgåve i Statsbygg si ferdigmelding nr. 602/2001.