– Ei ny språklov kan sikre norsk for framtida
Direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrumFoto: Nynorsk kultursentrum

– Ei ny språklov kan sikre norsk for framtida

Språkmangfaldet i Noreg får eit sterkare vern om den nye språklova blir vedteken. – Det er svært positivt å få eit lovverk som sikrar at vi framleis kan skrive bokmål og nynorsk ved alle høve i Noreg, seier direktør Per Magnus F. Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

Språkmangfaldet i Noreg får eit sterkare vern om den nye språklova blir vedteken. – Det er svært positivt å få eit lovverk som sikrar at vi framleis kan skrive bokmål og nynorsk ved alle høve i Noreg, seier direktør Per Magnus F. Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

Fredag la kulturminister Trine Skei Grande ei ny språklov ut på høyring. Fram til november 2019 skal Nynorsk kultursentrum og andre språkinteresserte levere høyringsframlegg. Nynorsk kultursentrum har tidlegare lagt fram 17 framlegg til ny språklov.

Positivt for mangfaldet

– Det er svært gledeleg at ei fleirtalsregjering sender ei lov på høyring som sikrar nynorsk, bokmål, teiknspråk, dei samiske språka, kvensk, romani og romanes. Heilt sidan jamstillingsvedtaket i 1885 har norsk språkpolitikk hatt som utgangspunkt at fleirtalet skal vere rause for mangfaldet. No vert det raust på ekte med offisiell status for teiknspråk, urfolksspråka og dei nasjonale minoritetsspråka, seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm.

Det offentlege kan organisere seg vekk frå språkplikter

Heile offentleg sektor får om lova blir vedteke eit særleg ansvar for å verne om språkrettane til nynorskbrukarane og at nynorsk blir synleg for alle. – Det er i tråd med norsk språkpolitikk at dei mindre brukte språka treng andre og fleire tiltak enn dei mest brukte. Samstundes er det svært positivt at bokmålet blir styrka med krav om klarspråk, styrka krav til rettskriving i særnamn frå offentlege etatar og at Språkrådet får eit klart mandat for arbeidet sitt, seier Sandsmark.

Det er eit problem at staten ved konkurranseutsetjing og selskapsmodellar kan organisere seg vekk frå pliktene til språklova. – Pliktene bør følgje skattepengane, slik det stort sett også gjer i offentlegheitslova, seier Sandsmark. Nynorsk kultursentrum ser fram til den endelege språklova og til fleire konkrete tiltak i den varsla språkmeldinga.

For meir informasjon:
Direktør Per Magnus F. Sandsmark, tlf. 908 12 196