Framgang for nynorsk
Styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrumFoto: Ivar Aasen-tunet, Anders Aanes

Framgang for nynorsk

– Nynorsk kultursentrum er svært glade for at regjeringa samla styrkar den språklege infrastrukturen i Noreg med over 9 millionar. Samstundes er det synd Regjeringa ikkje har løyva dei nødvendige driftsmidlane til Vinje-senteret for 2020. Det vil gjere det vanskelegare å gjennomføre løftet for journalistikk og dikting som trengst, og som Vinje-senteret kan bidra til, seier styreleiar Lodve Solholm.

Språkleg infrastruktur for framtida

–Regjeringa og dei fire samarbeidspartia har vist vilje til å prioritere den språklege infrastrukturen. Det er svært gledeleg at ordboksmiljøa blir bygd opp att, at det blir gitt løyvingar til språkteknologiutvikling, tiltak for nynorsk til barn og ungdom og forvaltning av teiknspråk, punktskrift, nasjonale minoritetsspråk, samiske kulturtilak og stadnamnforvaltning, seier Per Magnus F. Sandsmark. –Dersom dette blir følgd opp med ei offensiv språkmelding og ei språklov som reelt fører til auka likestilling mellom og vern av dei norske språka så har regjeringa lagt grunnlaget for ei betre framtid for alle språk i Noreg, legg han til.

Nynorsk kultursentrum gratulerer Det Norske Samlaget, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Nynorsk pressekontor og Språksamlingane ved Universitetet i Bergen med auka løyvingar og Nynorskhuset i Førde og Jakob Sande-senteret i Fjaler med etableringsstøtte.

Auka tilskot til Nynorsk kultursentrum

Nynorsk kultursentrum er ei ideell stifting som arbeider for nynorsk skriftkultur. Stiftinga har 22 fast tilsette og får ei løyving over kulturbudsjettet på 21 050 000 i 2020. Det er ein auke på 2,7 prosent frå 2019. Den samla løns- og prisveksten er på 2,8–2,9 prosent i 2020.

Gjennom Den kulturelle skulesekken og utstillingsturnear opplever publikum i over 50 kommunar kvart år nynorsk språk og litteratur på over 450 arrangement som stiftinga formidlar. Stiftinga driv museum og festivalar i Ørsta på Sunnmøre, Ulvik i Hardanger og Vinje i Telemark. Nynorsk kultursentrum driv det digitale oppslagsverket Allkunne. –Arbeidet vårt er viktig for å ta vare på og formidle den nynorske delen av den norske kulturarven til flest mogleg folk. Det er få landsomfemnande kulturinstitusjonar som arbeider så breitt som oss med så få årsverk, seier direktør Per Magnus F. Sandsmark

Manglar to millionar til Vinje-senteret

Vinje-fondet for tiltak for nynorsk journalistikk har fått få søkarar og regjeringa føreslår at Nynorsk kultursentrum kan «disponere de øremerkede midlene til andre formål innenfor sin virksomhet til å fremme bruken av nynorsk språk i media, samt andre tiltak rettet mot arbeid for nynorsk skriftkultur». Nynorsk kultursentrum planlegg å opne Vinje-senteret i Vinje i Telemark i 2021 eller 2022.

Senteret skal dokumentere og forvalte saksfelt ingen andre museum dekkjer – romanar og noveller på bokmål og nynorsk, forteljingar om journalistikk på måtar ingen andre har gjort før, og forholdet mellom dikting og journalistikk. Regjeringa følgjer opp tidlegare lovnader om løyving til bygg og utstilling, men det manglar framleis om lag to millionar til drifta ved Vinje-senteret. –Ein samrøystes familie- og kulturkomité skreiv i fjor: ‘Videre utvikling av innholdet vil være avhengig av at det også fremover settes av friske midler til drift.’ Dette har ikkje regjeringa følgd heilt opp, seier Solholm.

–Vinje-senteret har allereie teke over omvisingane i Vinjestoga og driv Litteraturdagane i Vinje. I haust har utstillingane om skeiv prosa og journalistikk og skjønnlitterære debutantar premiere og skal på turné i folkebibliotek og festivalar i heile landet. Med 1,7 årsverk i 2019 har senteret allereie markert seg lokalt, regionalt og nasjonalt, seier direktør Per Magnus F Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.