To frisørar er kåra til Årets nynorskbrukarar 2019
Årets nynorskbrukarar 2019, frisørane Irene Stana og Trude Lundevall.Foto: Jarl Martin Garder, Kristian Dale

To frisørar er kåra til Årets nynorskbrukarar 2019

Dei to frisørkjedene Floke og Balanzera er kåra til Årets nynorskbrukarar 2019.

Dei får prisen «for å nytte nynorsk i marknadsføring av frisørtenester i by og bygd på aust- og vestlandet,» seier styret i Nynorsk kultursentrum i grunngivinga si etter å ha vurdert 68 kandidatar.

– Gründerane Irene Stana i Floke og Trude Lundevall i Balanzera nyttar nynorsk som ein medviten del av identiteten i bedriftene sine. Dei gjer nynorsk synlegare i både bygder og byar, seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm

Kvar av prisvinnarane får 50 000 kr kvar og eit grafisk blad av Arne Nøst som blir delt ut opningsdagen for Dei nynorske festspela i Ørsta 13. juni.

– Eg har vore oppteken av det nynorske språket sidan eg byrja å lese som sjuåring. Nynorsk er ein viktig del av identiteten min og dermed også identiteten til Floke. Det er ei stor ære å bli heidra med prisen som Årets nynorskbrukar, for meg personleg og alle mine medarbeidarar i Floke, seier administrerande direktør Irene Stana i Floke. Pengepremien vil ho nytte til utvikling av nye tekstar til den nye grøne produktserien LYNG, som blir lansert i år. Der vil det nynorske språket vere ein stor del av identiteten til serien.

Eigar Trude Lundevall i Balanzera vart overraska då ho fekk nyheita. – Det var utruleg moro å få denne prisen. Sidan eg starta opp Balanzera i 2008 har eg alltid vore bevisst på å bruke nynorsk som hovudmål når eg representerer salongen. Nynorsk er eit finare skriftspråk og det språket som kjennest mest naturleg for meg. Eg har alltid hatt nynorsk som hovudmål, og nytta sjølvsagt høvet til å bevisst kunne skilje meg ut blant dei mange salongane i Oslo, seier Lundevall.

Bryt med språklege konvensjonar

Floke er den første helse- og miljøvenlege frisørkjeden i Noreg. Kjeden har salongar i Oslo, Bergen, Førde, Jølster, Molde, Odda, Stavanger, Strandebarm, Voss og på Åsane. Floke er sertifisert med det nordiske miljømerket «Grön Salong». Balanzera marknadsfører seg òg som miljø- og helsemedvitne, og har to salongar i Oslo og ein på Kviteseid. Begge vinnarane er sertifiserte Miljøfyrtårn og hadde Grøn Frisør-sertifisering frå Fagforbundet då den eksisterte.

Begge frisørgründerane nyttar nynorsk når dei kan i marknadsføring og kundekontakt. Dei er med på å gjere nynorsk synleg i så vel bokmålsdominerte stader som Bergen, Molde, Stavanger og Oslo som i nynorske kjerneområde i Vest-Telemark, Hordaland og Sogn og Fjordane. – Innsatsen desse gjer er viktig for nynorskbrukarane. Det bur nynorskbrukarar i alle kommunane i Noreg, men skriftspråket vårt er ikkje synleg over alt og på alle område. Innsatsen til desse frisørane er med på å auke den språklege sjølvtilliten og medvitet til oss nynorskbrukarar, seier Lodve Solholm.

 

Årets nynorskbrukar 2000–2019

2000 Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård
2001 Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge
2002 Ringstabekk skole
2003 Redaktør Martin Toft
2004 Musikkgruppa Side Brok
2005 Forfattar Kjartan Fløgstad
2006 Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa
2007 Forlagsredaktør Guri Vesaas
2008 ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin
2009 Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal
2010 Forfattar Maria Parr
2011 Bloggar Linda Sæbø
2012 Journalistane Ingvild Bryn og Arill Riise
2013 Professor i filosofi Gunnar Skirbekk
2014 Songlyrikarane Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga
2015 Kunsthistorikar og journalist Jorunn Veiteberg
2016 Facebook-omsetjar Martine Rørstad Sand
2017 Generalløytnant Morten Haga Lunde, sjef Etterretningstenesta
2018 Generalsekretær John-Ragnar Aarset, Høgre
2019 Frisørgrunderane Floke og Balanzera