Kulturprogram for barn
Foto: Ivar Aasen-tunet

Kulturprogram for barn

Gjennom heile året har vi fleire arrangement som er retta mot barn og unge i Ivar Aasen-tunet.

Innhaldet i kulturprogrammet vekslar mellom blant anna teaterstykke, konsertar, bokformidlingar og forfattarbesøk.

Hausten 2019

 

Søndag 13. oktober kl. 15.00-16.00:

Pling vaken - eit miniteater for heile familien

Kulturprogram for barn
Pling vaken av Irene Ahnéll og Elisabeth Moseng

 

Har du opplevd å leggje deg utan å få sove? Eller kjenner du deg igjen i å skulle leggje born som slett ikkje er trøytte, og som treng både ekstra vatn, ein ekstra runde på do og å høyre minst ein ekstra god-natt-song før dei sovnar?

Klara har det slik denne kvelden. Ho er rett og slett pling vaken, same kva mor gjer eller seier. Og det blir ikkje enklare når skapmonsteret kjem fram og klagar over at ikkje han heller får til å sove, og at han er redd for spøkelset under senga.

 Søndag 13. oktober kjem teaterframsyninga Pling vaken til Ivar Aasen-tunet. Forfattar Irene Ahnéll og Mette Scarth Tønseth er medverkande.


Målgruppe: 3 - 9 år

Pris: 75 ,- 

Kjøp billett her

 

Søndag 8. desember kl. 15.00

Familiedag med juleverkstad: Zara og dei - Gorillahjerne til middag

Kulturprogram for barn
Zara og dei - Gorillahjerne til middag av Bjørn Sortland og Elisabeth Moseng

Den tradisjonelle familiedagen i desember i Ivar Aasen-tunet er alltid godt besøkt. I år kan gjestane sjå barnekunstutstillinga med utgangspunkt i boka Zara og dei: Gorillahjerne til middag, som fleire barnehagar i regionen har bidrege til.

I tillegg får vi besøk av Elisabeth Moseng, sjølvaste illustratøren bak bileta i boka. Ho vil snakke med barna om zombiar, teikne saman med barna, lese boka og vise animasjonsfilmen. Dette blir ein spennande dag med eit tema som fengjer. Museet og utstillinga er open for alle betalande gjestar og kafeen serverer julegodt og anna mat.

Målgruppe: 4 - 9 år

Pris: 75 ,-

Kjøp billett her