432 Mons Litleré, 4.12.1886

Hr. M. Litlere.
 
Det drog lenge, fyrr eg kom til aa svara paa Brevet Dykkar. Eg heve havt so mange Hefte og Hindringar, at det var ingen Ende paa; og so heve [eg] daa alltid voret illa upplagd til aa skriva, som eg no oftaste er, og alltid mest i slike stutte og myrke Dagar, som det er paa denne Aarsens Tid.
 
Etter Dykkar Aaminning um ei ny Utgaava av "Ervingen" heve eg talat med Statsrevisor Hølaas, som no er Formann i "Det norske Samlaget", og han heve dertil svaret, at det vel ikkje kunde vera nokot stort til Hinder fyre, at Samlaget kunde yverlata den nye Utgaava til ein annan Forleggjar; men siden dette Stykket no eingong er komet under det norske Samlaget, so kunde det vera godt aa hava det endaa ei Stund frametter. Detta, tykkjer eg, kann vera rimelegt nog, og so trur eg no og, at det ikkje hastar so myket endaa med ei ny Utgaava. Elles heve eg no ikkje tenkt nokot større paa det, utan fyre so vidt, at eg, i Tilfelle av ei ny Utgaava, vilde gjerna hava gjort ei liti Vending elder Retting paa ei tvo - tri Stader i Stykket. Men detta er no vel litet Gagn i, daa eg alltid seer, at Folk aldri bry seg um dei nye Utgaavorna. No helda dei paa fort veg aa taka upp slike Stykke i sine nye Lesebøker og Songbøker; men alltid er det berre Avtrykk etter fyrste Utgaava, so som no sidst i Rolfsens "Norske Digtere", der det er innkomne nokre Vers av Ervingen etter fyrste Utgaava, um endaa der er nye Utgaavor, som skulde vera myket betre. Paa den Maaten vil alt Arbeid paa Retting og Umbøting vera spillt og gagnlaust.
 
Der er elles ymse andre Ting, som eg heve tenkt, at det no kunde vera verdt aa utgiva paa nytt. So, til Exempel, ei Samning av dei bergenhusiske Folkesegner, som hava stadet spreidde i "Dølen" og andre Blad. Men at eg nemner detta her, er no berre eit Innfall. Eg hadde sjølv tenkt aa skriva eit og annat smaat til Prenting; men eg fær ikkje Arbeidet til aa ganga. Eg er, som fyrr sagt, jamnaste illa upplagd til aa skriva; og verst er det no alltid, naar eg skal skriva Brev, for daa er eg no alltid so rædd fyre, at eg ikkje skriv so tydelege, at Folk kann lesa det.
 
Og dermed fær eg daa bidja meg orsakad fyre denne Gongen.
 
Kristiania den 4de December 1886.
I. Aasen.  
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Orig. på UBB, manuskriptsamling nr. 1045/la (før prenta i utdrag ved Hallvard Sand Bakken: «Eit brev frå Ivar Aasen», i «Bergens Tidende» 1951, 17. nov. og i «Universitetet i Bergen. Små godbiter fra samlingene», 2. serie, nr. 2), kladd og eit utkast (saman med utkast til Br. nr. 433). - [av <] ~ af - I utkastet står denne etterskrifta: «P. S. Ved Navnet Litlere, har vi været i nogen Tvivl, om hvor det skal betones. Da der ialfald i Sogn er Navn med «Eri» har jeg forestillet mig, at Litlere [står kanskje Litleri] havde nogen Sammenhæng dermed og altsaa skulde opfattes som Litle-Ere (Litlere). Men kanskee [er] dette feilagtigt.»
 
- Det brevet frå M. L. som I. Aa. her svarar på, ser ikkje ut til å liggja i I. Aa.s papir på UBO. Eit anna brev frå M. L. er omtala i merknad til Br. nr. 416.
 
- Mons Litlere (1867-1895), bokhandlar og forleggjar (sjå SS 1910, s. 337 ff.), gav ut mange nynorske bøker og blad.
 
- «Ervingen»] jfr. Br. nr. 181, Br. nr. 186 og Br. nr. 253 med merknader. 2. utg. 1873, 3. utg. 1884, 4. utg. 1887 (innkorta og omvølt) kom alle på Det norske Samlaget.
 
- Folkesegner] «Segner fraa Sunnfjord fortalde av gamle Synnve», «Dølen» VI, nr. 43, 45, 49 og 50, VII, nr. 1 og 4-7 [sende inn av Nikka Vonen]. Sjå elles opplysningar i Halvorsen IV, s. 614 f.
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009