433 Torkell Mauland, desember 1866

Eg maa klaga paa meg sjølv, at eg heve drygt so lenge med Svar paa Brevet Dykkar; men eg heve havt mange Hefte og Hindringar og jamneste voret illa upplagd til aa skriva, som eg no oftaste er og alltid mest i desse stutte og myrke Dagar paa denne Aarsens Tid.
 
Eg undrast ikke paa, at De hever Tvil um Skrivemaaten i ymse Ord, det [gjeng] meg sjølv lika eins. So er det no millom annat med Ordet ryma. Der er nog paa fleire Stader, at det heiter ryma, og detta høver daa til den som Formi Rum (med langt u); men so heiter det paa mange andre Stader røma, og detta høver til Namnordet "Rom" som no synest vera aalmennelegast.
 
Ordi vekk og vekke er vist berre nye Former. Dette "vekk" er vel inkje annet en aa Veg med ein Uttale som likjest paa den tydske.  
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Uferdig utkast (saman med utkast til Br. nr. 432) som ikkje er datert. Brev frå I. Aa. ligg ikkje i T. M.s papir (opplysning frå Asgaut Steinnes). Det kan vera tvilsamt om dette brevet vart skrive ferdig og sendt. - som [uviss lesemåte]
 
- Torkell Mauland (1848-1923), lærar, folkeminnesamlar og bygdehistorikar (sjå m. a. A. Garborg i SS 1913, s. 289 ff., «Norsk Folkekultur», 1918, s. 1 ff. og «Norsk Aarbok», 1923, s. 139 ff.). Samlingane hans, «Folkeminne fraa Rogaland», 1-3, utg. ved A. Steinnes, 1928-35. I brev frå Holt seminar, 13. nov. 1868, fortel T. M. at han har «rotat» i NO og «skrivet upp ein heil Brote av Ord, som me bruka heima, men som eg inkje kan finna i Boki». Han legg ved ei lita liste «so De kunde sjaa, um De vilde hava meir». Eg har lenge, skriv han, «vore plagad med, at eg inkje kunde skyna det danske. Fyre 1/ 2 Aar sidan kom eg til Seminariet her, og meir og meir heve eg komet til, at eg inkje er skikkat fyre dansk.»
 
- «Nei daa kjenner eg, det er annat, naar eg fer fat i det, som De og andre Normenn heve skrivet.» Han vonar at han med tida kjem til å læra landsmål skikkeleg. Den vedlagde ordlista inneheld 6 ord eller ordlag.
 
- I. Aa. svara ikkje på brevet.
 
- Den 13. aug. 1871 sende T. M. nokre plantenamn frå Jæren som eit tillegg til NP, og den 11. okt. 1878 ei samling med ordtøke frå Jæren [ligg i I. Aa.s papir, utnytta i NOrdspr. 1881, jfr. s. XVI]. «Jeg har samlet dem for flere aar siden og i de sidste aar tildels forøget samlingen, naar jeg har været hjemme i ferierne, alt bare for egen fornøielse». Hans Ross som fekk sjå samlingane, bad han senda dei til I. Aa. og sjølv fekk han nokre voggeviser. Ordtøka er ikkje alfabetisk eller systematisk ordna, men skrivne opp etter kvart han har kome på dei.
 
- Ei seinare samling «Ordtøke og hermestev» er prenta i «Folkeminne» bd. 3, s. 9-47 (jfr. innleiinga).
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009