Eirik Sommer, 30.7.1858

30/7 58

 

Herre Ivar Aasen!

 

Længje heve eg ynskat, at eg skulde faa tala med Dokker, men dæ heve aldri høvt saa tel enno; eingong kan dæ væl henda, at detta Ynskje mit verd oppfyllt likevel, endaa dæ er uvist aa venta paa. Eg vil daa ikkje gjerne væra utan alt Hopehav med Dokker, og defyr er dæ no, at eg tæk paa aa skriva Dokker tel. Den same Saki, som De traar saa innerlig etter aa mona fram, og som De strævar paa med slikt Held, at Motstandarane sjølv byrja aa sjaa vilt ikring seg og famla etter ei god Raad te halla op denne stygge og fotlause Avguden, «Skrivebrugen» deira (saa kallar eg han, fyrdi han heva ingen vettug Grund te stytta seg paa her i Norrig) – den same Saki heve og eg havt Hyggje av og strevat nokolitet med, men dæ er saa med meg, som med Drengjen, eg treng aa tala med Meisteren, fyren dæ bær retteleg i Vegen. Like sedan eg lærde aa skjyna nokot om «Sproget», heve eg set, at dæ kunde itkje væra saa, som dæ skulde med vort norske Maal. Defyr laut eg tel aa sjaa etter paa dæ Gamalnorske, saa vitt som eg kunde koma tel di. Daa fek eg litet meire Syn fyr Saki, og dæ var daa væl, at eg hadde Ivar Aasens «Prøver» etc. aa henta Kundskap av. Daa eg hadde den Boki og dertil Dokkar «Læsebog i Gammelnorsk», saa tok eg tel aa øva (?) meg i aa skriva aalmennelegt Landsmaal, og Hugen drog saamyket av Lasset, at eg tykte dæ gjek nokorleids fram med di. No veit De væl maa tru, at eg heve skrevat ei «Norigs-Saaga» i Landsmaalet, og at eg heve sendt inn nokre Prøvestykkjer av ho til «Folkevennen»; fyr eg vilde gjera dette Fyretak nokot kjent fyr Mænn, som tænkjer saa som, og mogeleg faa nokon te kosta fram Boki, ifald dæ skulde tykkjas raadelegt. Boki lyt omskrivas enno, fyr eg er slet ikkje sikker paa, korleids eg skal skriva skjikkeleg ret somestader i ho. Prøvestykkjin vard væl helder itkje saa, som dei kunde vortet, eg er ræd fyr, at eg gjorde dei fraa meg for fort, og dæ kom seg av, at eg aattades fyr aa faa Far aat dei herfraa Harøyi tel nokot «Postaabneri» (P-opning – ei?) fyren dæ drygdes ut alt fyrlængje, fyr her reiser Folk inn tel Landet myket sjeldan. Eg lyt beda Dokker, om De vil retta paa di, som De kan finna aa væra reint galet, naar De skodar gjenom Stykkjin (Hr. E. Sundt talade derom i Brev tel meg). Eg heve itkje havt Ordboki dokkar enno, og defyr heve eg itkje vist Ord og Kjyn i mange Tilfælle, men eg heve gjort Ord (tel Prøv: Beviis = Sanningssyn, Sanntekn, Sannfæste osv). Men fær eg nokor Von tel aa faa Boki mi utgjivi, saa vil eg nytta Ordboki, saa længje ho bær tel, men sedan daa? Eg skulde og havt «Norigs Konunga Sogur» i Grundmaalet, fyr av deim trur eg kunna finna mange gode Ord, som enno kunde brukas, men som eg itkje veit av; men den Boki kan eg væl itkje koma aat, tænkjer eg. Dæ fyrre Spyrsmaalet er dæ itkje nokot annat Svar paa, en at eg maa faa Hjælp av Dokker paa den Maaten, som dæ gjeras kan. Men eg heve itkje Hug te vyrja «Norigs-Saago» nokot meir, fyren eg heve Von tel aa faa ho ut, eg vard saa modfallen, daa eg hadde spurd nokkre i Trondheim og itkje fek nokor Von. De ser, at eg skriv nokot onnorleids en De, og dæ skulde eg hava greidat litet om, men her verd itkje Rom i eit Brev tel di; kort te segja (seja?): Eg vilde gjerdne og skulde og væra einig med dokker; men eg meiner, at Maalet skulde gjeras saa let som mogelege er, og dæ vil eg prøva aa verda einig med Dokker om. I Trønder-Maalene er eg kjent, og som De veit, er dei fælt bortlaupne fraa dei andre Bygdemaalin, og Tronderne vil hava mest vont fyr aa skjyna dæ aalmennelege L-maalet. Eg er gruveleg fyr, at eg Trønder itkje skal verda skjynat i Landsmaalet av Trønderne. Men alt detta lyt dæ verda meir om sedan. Kunde De verka nokot fyr Boki mi, saa var dæ væl baade fyr Saki sjølv og fyr meg. Grunden tel, at eg heve skrevat Norigs-Saaga i Landsmaalet er, at eg vilde verka tel, at Folk slepper den Trui, at dæ norske Maal er galet, og tel di, at Ungdomen kunde vænas paa Landsmaalet og koma tel aa skjyna dæ. Eg samtykker deira uttalade Tanker i «Folkevennen» (Om Dannelse og Norskhed). Eg ynskjer gjerne aa faa høira nokot fraa Dokker om Deira Verksame, og om kor stort Medhald Landsmaalet heve og slikt nokot om De vilde skriva litet tel. Eg tykte dæ var trøi sannaste aa skriva detta Brevet i Landsmaalet. Eg ynskjer Dokker Held og Fremgong i Dokkar Gjerning. Gjev eg ogsaa kunde faa naa tel aa verka som eg vilde fyr vort Morsmaal og fyr Ljoset i vort Fæderland.

Vensamaste

E M Sommer

Herøen ved Molde

(I Hast!)

 

Den 30te Juli 1858

 

[Transkribert av Eirik Helleve for Ivar Aasen-tunet, i samarbeid med Nasjonalbiblioteket.]