Georg Grieg, 11.5.1859

Bergen 11 Mai 1859

 

Herr Ivar Aasen

Kristiania

 

Da Student Nygaard har tilskrevet Dem for at faa klaret de Tvivl, som ere opstaaede ved vort Arbeide i det norske Maal, og saaledes ved Deres Hjælp faa bestemt den Form, som vi fremigjennem have at benytte, tillader jeg mig ved denne Leilighed at sende Dem en Prøve paa Oversættelsen af Synnøve Solbakken, med Anmodning om godhedsfuldt at gjennemse den, og ved Leilighed give mig Deres Formening om den. For det Tilfælde at De skulde finde Oversættelsen passabel, vilde jeg være saa fri at spørge Dem om De, mod et Honorar, som De selv havde at bestemme, vilde paatage Dem at gjennemse og rette det hele Værk, som kan være færdigt i Løbet af Sommeren.

I det Haab at De ikke tager det ilde op, at jeg uleiliger Dem med dette, forbliver jeg med Agtelse ærbødigst

Georg Grieg

 

[Utanpå]

Herr Ivar Aasen

Kristiania

 

[Omsetjinga:]

Næste Predikesunndag vilde Thorbjørn ikkje ganga til Kyrkja; adre Dagen, daa dei skulde vera hjaa Preste, lagde han seg sjuk. Ingerid gjekk difyre eisaman. Han spurde henne daa ho kom heim, kvat Sunniva havde sagt. "Inkje".

Daa han gjekk med attr, totte han att Folket saag aa honom, og at Lestrarborni gliste. Men Sunniva kom seinar enn dei adre og var myket inne hjaa Prestafolke dan Dagen. Han var rædd, Presten skulde skjemma aa honom, men gaade snart, at dei tvaa einaste i Bygdinne, som ikkje viste nokkot av Slagsmaale, vaaro hans eigen Fader og Presten. Dat kunne nu vera, men kvorleid han attr kunne koma i Tal med henne Sunniva, viste han ikkje; fyre dat var fyrste Gongen han ikkje rett vilde bidja Ingerid ganga imillom. Daa Yvirlydingi var endad, var Sunniva attr inne hjaa Prestafolke; han væntade medan dat enn var adre i Tune; men endelega laut han og ganga. Ingerid var gjengi med dei fyrste.

Næste Dagen var Sunniva komi fyrr enn alle dei adre og gjekk i Haga med ei av Prestadøtrom og ein ung Herra. Gjenta tok upp Blomar og gav Sunniva, Herra halp med, og Thorbjørn stod utanfyre imillom dei adre og leit til. Dei lyste fyre henne haagt nog, so alle høyrde dat, kvorleid desse Blomar luto verda sette, og Sunniva lovade at gjera dat sjølv, fyre at det vandlega kunne verda som dei havde sagt. "Dat kann du ikkje gjera einsaman", sagde Storkarlen [over: Kjolafanten], og detta minte Thorbjørn sig. – Da Sunniva kom ut til hine, synte dei henne enndaa større Vyrdnad enn vanlega; men Sunniva gjekk burt at Ingerid, heilsade hana blidlega, og bad hana fylgja med midr at Vollen. Dar sette dei seg; fyre dat var longo sidan dei tilgagns havde rødt saman. Thorbjørn stod attr imillom dei adre og saag aa dei fine utlendske Blomarne hennar Sunniva.

Denna Dag gjekk Sunniva samstundes med alle dei adre. "Eg skal kann henda bera dei Blomarne fyre deg," sagde Thorbjørn. "Dat kann du gjarna", svarade hon blidlega, men utan at sjaa aa honom, tok Ingerid i Hond og gjekk fyre. Uppunder Solbakke stadnade hon og bad Ingerid vel liva. "Eg skal fulla sjølv bera dei dan Molen, som er attr", sagde hon og tok Korvi, som Thorbjørn havde sett midr. Heile Vegen havde han ætlat at bjoda seg til at plentra Blomarne fyre henne, men nu kom han seg ikkje til, fyre hon vende seg so braatt. Men sidan tenkte han ikkje aa annat enn detta, at han do skulde hava holpet henne med dei Blomom. "Kvat talde de tvæ um?" spurde han Ingerid. "Um inkje".

Daa dei adre vel havde lagt seg, for han stilt i Klædi attr og gjekk ut. Dat var eit fagrt Kveld, lognt og kyrt. Himilen var lettlega yvirdregen med blaagraaa Skyer, som her og kvar vaaro sundrivna, so at ein likasom fekk skoda ut or dat dimma Blaa som or eit Auga. Dat var ingen at sjaa kringom Husi eldr lengt burte; men i Grase slipade ollomstodom Engjarsprettorna, ei Akrhøna mol aa høgre Hondinne og vart svorod av ei onnor aa vinstre; so byrjade ein Song i Grase fraa Stad til Stad, so dat totte honom, medan han gjekk dar, som han havde eit stort Fylge, doat han ikkje saa ein einaste. Skogen kvarv blaa, sidar dimm og dimmar upp imot Urdinne og syntest eit stort Tokohav. Men darinnan høyrde han Orren spila og slaa til Ljod, ei einstok Kattugla skrikja, og Forsen kveda si gamle, harda Rim sterkar enn nokkot Sinn, – nu, daa alt havde sett seg fyre at lyda aa honom. Thorbjørn saa burt imot Solbakke og gjekk avstad. Han snudde ut av Almannvege, kom skjott dar burt og stod snart i dan litle Haga, som Sunniva aatte, og som laa beint nidunder dan eine Loftsglugga, just dan, som hon svav innanfyre. Han lydde og njosnade, men alt var kyrt. Daa saa han kringum i Haga etter Verktol, og fann rett nog bæde Spade og Greip. Ein havde byrjat med at spada upp ein Reit; bert ein Skjækill var buen, men i denna var alt sett tvei Blomar, vonlega fyre at sjaa kvor dat syntest. "Hon er vordi trøyt, arme, og hever gjevet seg", tenkte han; "her tarvst ein Mann", tenkte han vidar og gav seg til med dat, havde alls ingen Hug til at sova, ja totte enndaa aldri hava gjert slikt Letteverk. Han kom i Hug kvorleides dei luto verda sette, kom ogso i Hug Prestgardshagen og høvde nu dat eina med dat adra. Notti gjekk til, men han hygde dat ikkje, han kvilde varla og fekk heile Reiten uppspadad, Blomarne sette, ein og annan umsett fyre at faa dat enndaa fridara, og uti eino skodade han upp at Loftsglaset, um einkver skulde verda han var. Men kvorki dar eldr annan Stad var dat Livet; han høyrde ikkje so myket som ein Hund gjøya, fyrr Hanen tok aa at gala, vakte Fuglane i Skoge, som daa ein ettir ein sette seg upp at syngja "god Morgon". Medan han stod og klappade Moldi kringum kom han i Hug Segnerna, som Aslak havde fortalt, og kvorleides han eingong trude dat voks Troll og Nissar burte aa Solbakke. "Jau, her veksa skapleg Troll og Nissar", tenkte han, og saa enndaa ein Gong burt yvir Blomarne, um dei og nu stodo som dei skulde. Han sette Verktolet aa sin Stad, for i Trøya, som han havde kastat, saa upp til Loftsgluggen og smilte til kvat Sunniva nu i Morgonstundinne vilde tenkja, nær hon saa ut etter dei skartlege utlendske Blomom, hon havde ført til Gards igjær. Dat var vordet heldr ljost, og Fuglarne gjerde eit øgjelegt Liverne; han fløygde seg difyre yvir Garden og skundade seg heimattr. So skulde daa ingen kunna segja, dat var han, som havde veret burte og sett Blomar i Haga hennar Sunniva Solbakken.

 

[Transkribert av Eirik Helleve for Ivar Aasen-tunet, i samarbeid med Nasjonalbiblioteket.]