Altslag.

I Røldalsfjelli (i sundre Bergenhus Amt) var det i Haust nokre Reinskyttarar ute paa Veiding. Straks ovanfyr Valdalen fekk dei sjaa ein Hop. Men med dei helt paa og stilte seg innaat, vart dei var 2 svære Dyr, som dei aldri hadde set fyrr. Dei var so heppne, at dei fekk skjota deim, og naar det bar til, so var det 2 Elgar, som hadde villt seg uppaa Fjellet, og komet inn i Reinshopen.
 
Brennevinskrig i Sverike. Reymersholms Brennevinsbulag hadde bodet Utskjenkningsbulaget i Stockholm aa skaffa baade billegare og betre Vare, enn dei kunde faa annarstad; men likvæl tok dei ikkje mot Tilbodet. Daa hemnde Reymerholmsbulaget seg paa den Maaten, at dei leigde nokre Eimskip og førde Folk fritt ut aat seg, der dei fekk billegare Vare en i Stockholm, so dei strøymde dit i hopevis. Detta hev voret til stor Mein fyr Utskjenkningsbulaget.
 
Ein Franskmann hev funnet upp eit fotografisk Instrument, som han kallar Polygraf. Det er so litet, at ein kann legja heile Greida i Lumma og berre stella det upp paa Staven sin, naar ein skal bruka det.
 
I Frankrike gjeld det um aa passa Kjeften sin no, er det likt til. "Hesten ser ikkje ut til aa vera dumm," sagde ein Mann her ein Dagen, Marskalken kom ridande paa ein staut Hest; altso maatte han, som reid, vera det – det var greidt Meiningi; iallfall sluttad Domararne so, for Mannen fekk ei Bot baade lang og breid.
 

Frå Fedraheimen 24.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum