Kongedøme elder Republik.

(Innsendt 1).
 
I.
 
Det finst inkje endaa nokot republikanskt Parti her i Landet, men det tek likevæl til aa verta fleire og fleire Republikanarar no. Det var merkelege Ord, som Kristoffer Brun sagde paa Møtet paa Lillehammer (Veslehamer) no i Sumar, at ein av Venerne hans i Kristiania hadde sagt han, at av dei Kjenningarne, han hadde, so var av 10 tenkjande Menner dei 9 Republikanarar. Fleire av vaare mest namnkjende Menner hev og gjenget ved, at dei trur paa Republikken, og det ser soleides ut til, at det held paa og lagar seg til eit heilt Parti. Det er elles inkje so godt aa vita nokot vist um detta, daa dei fleste fer so stillt med det, av di det nok inkje er ottelaust aa vera ved slike Meiningar her uppe hjaa oss, men det er rimelegt, at Venen hans Brun hev Rett. "Ein skal lyda ut, naar Gamlehunden gjøyr," segjer dei, og "Morgenbladet," som veit meir enn dei fleste andre, vart reint toreskræmt liksom, daa Bjørnsons "Kongen" kom ut, og vilde, at dei skulde setja Bjørnson fast; han skulde inkje faa Lov til aa ganga laus til Bespottelse fyr all Dannelse i Landet og Faare fyr alle væltenkjande. Gamle "Morgenbladet" er so klokt og kunnugt, at naar det kann taka slik paa Veg, berre det kjem ut ei republikansk Bok av Bjørnson, som etter det, "Morgenbladet" segjer, inkje hev det Slaget Vit paa Politik, so maa det vera fleire Republikanarar, enn Folk fyrr hev trutt, og dei maa ræddast fyr, at den gamle Kongsstolen til Harald Haarfagre, Olav den heilage og Sverre skal ramla ned, Vonom snarare.
 
Det er reint merkelegt, at det kann vera komet so vidt paa ei liti Stund. Det er nok mange Ting her heime, som det kunne vera godt aa retta paa, og mangt er visst galet gjort; men naar ein liknar Norig ihop med andre Land, kann ein knapt segja, at Norig er ille styrt, og baade Storting og Regjering hev truleg Skuld kvar paa sin Kant, fyr alt det, at kannhenda Regjeringi fær taka Brorparten av Skuldi paa seg. Og Kongen vaar er - - ja han kann me inkje tala um, for det stend i Grunnlogi, at han er "heilag," at han korkje kann lastast elder saksøkjast fyr Logbrot, og naar me inkje hev Lov til aa lasta Kongen, er det i Grunnen meiningslaust aa tala godt um han og, men lat meg endaa segja det, at um Folk kunne fritt tala um Kongen, vilde dei segja, at han er god. Og likevæl er det mange Republikanarar! Og endaa merkelegare er detta, daa det, som sagt, inkje er trygt aa vera det. Dei fleste "væltenkjande" tykkjer at ein Republikanar og ein Røvar kann koma mest paa eitt ut, og trur, at Republikken vil riva ned heile Samfundsbygningi og øydeleggja all pengemagt og Upplysning og Dannelse og alle Hof-Skræddarar, Hof-Apothekarar og Hof-Tannlækjarar og kannhenda "Aftenposten" attpaa, og mange preikar um, at det er gudlaust aa vilja kasta Kongedømet, fyr di det er innsett av Gud, og Kongen er Konge av Guds Naade og inkje fyr di Folket vil, og at Republikken soleides vil tyna Kristendomen i Landet med. Og endaa veks den litle republikanske Hopen, er det likt til. Elder kannhenda det nettupp er denne Vitløysa, som gjer, at han veks.
 
Kor som er, vil Spursmaalet: Kongedøme elder Republik koma paa Folketunga no ei Stund frametter, og det ser ut til, at det vert eit beiskt Ordskifte, daa mange hev so reint forunderlege Meningar um detta Emnet. Eg hev no tenkt aa draga fram eit og annat fraa Historia til Upplysning um detta, og so paa Sluten leggja ut um, korleides det kann hava seg, at det held paa og lagar seg til eit republikanskt Parti her i Landet.
 
Fyrst vil eg beda um Lov til aa minna um ei gamal Forteljing, som alle kjenner fraa Bibelhistoria. Eg vil strakst upplysa, at eg inkje vil draga ut nokor politisk Visdomslæra av den, av di Jødarne skulde vera eit heilagt Folk, og me inkje kann døma dei paa same Maaten som andre Folk, men eg vil berre syna, kor meiningslaust det er aa segja, at det er aa setja seg upp mot Gud aa kasta Kongedømet, "som er innsett av honom." Forteljingi lyder soleides:
 
Sønerne hans Samuel vandrade inkje Far sins Veger og tok mot Gaavur og snudde Retten. Daa samlade dei eldste i Israel seg og bad Samuel setja ein Konge yver dei til aa døma, liksom alle Heidningarne hadde, sagde dei. Men detta totte Samuel var syndugt, som dei kravde, og han bad til Herren. Men Herren sagde: "Lyd etter alt det, som Folket segjer til deg, det hev inkje kastat fraa seg deg, men meg hev det kastat fraa seg, so eg inkje skal styra det." Og so sagde Herren, at Samuel skulde leggja ut fyr Folket, um korleides Kongarne for aat, og Samuel talade daa fyr Folket og sagde, at soleides vilde ein Konge vera, at han vilde taka Sønerne og Døtterne deira og bruka i si Tenesta, og dei beste Aakrarne og Vinhagarne og Oljehagarne vilde han taka til sine eigne Tenarar, og naar Folket so paa Trældomens Dag klagade paa Kongen, so vilde inkje Herren svara det. Men Folket heldt fast ved sitt; det vilde hava ein Konge, liksom alle Heidningarne, som skulde døma dei og slaast fyr dei med Fiendarne. Soleides fekk daa Jødarne Kongar yver seg.
 
Detta er Forteljingi. (1ste Samuels Bok 8de Kap.) Men ein lyt hugsa paa, at Jødeland etter Mose Log inkje just var det, me kallar Republik, men eit Samband av 12 Fylke, som vart styrt av 70 "Eldste" og seinare av Domarar, og desse hadde Gud yver seg. Gud var liksom Kongen deira, og naar Jødarne no vilde hava ein verdsleg Konge, var det Fraafall mot den rette Kongen og Utakk mot den, som hadde utfridd dei fraa Ægypten. I Staden fyr aa bu fredsamt i Fødeslandet og lita paa Gud, som vilde verja Landet mot Fienden, naar dei hadde den rette Trui, vilde Jødefolket no tvingast inn under Hardstyre og traa etter Magt og Æra og bøygja Kne fyr den verdslege Kongen mot aa leggja andre Folk fyr Føterne sine. Etter detta vilde det vera Faavit aa segja, at Gud likar betre Republikken enn Kongedømet, men endaa større Faavit aa preika den Læra, at Kongedømet er Gud so framifraa tekkjelegt. Det einaste, me kann slutta av denne Forteljingi, er at det fylgjer med Kongedømet ein Faare fyr aa gløyma av Livsens rette og sanne Fyremaal og berre traa etter det, som glor og glansar.
 
1) Me minner um det me sagde i No. 1: Bladet stend fritt fyr alle Meiningar i Politik og slikt.
Bldst.
 

Frå Fedraheimen 24.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum