Nordfjord den 1ste November 1877.

Her i Nordfjord er mest aa kalla fyr ein Avkrok. Her gjenger sakte kvar Vika Dampbaat og Post ein elder tvo Gonger inn etter Fjorden; men her er so mange Dalar og avsides Bygder, som korkje Dampbaat elder Post kann koma til, og der faame berre fretta nye Tidende kvar Gong me kann koma til Kyrkje elder ein og annan Fehandlar og Skreppehandlar fer framum. Likevel hava me fenget til oss Fedraheimen, og Unge og Gamle ero nyfikne etter aa sjaa det nye Bladet og høyra kvat det ber fram, so her er mest som ei Stemnestova, kvar Gong det spyrst at Avisbladi ero komne. Ja, velkomen skal du vera, gode Fedraheim, og god Lukka ynskja me deg til Arbeidet. Eg tykst forstaa, at De vil Landsfolket skal senda inn Brevsendingar til Bladet, og eg vilde inkje vera den siste, berre eg hadde nokot, som var verdt at skriva um, og kunde setja det ihop so det var Gaman i det. Dei segja fyre eit gamalt Ord, at det som ligg Hjartat nærast, kjem fyrst fram, og etter detta vil eg fyst nemna litetvetta um Aarvegen, for Mat i Munnen spyr ein jamnaste fyst etter. Ja det heve voret ein kald og vaatsam Sumar, so Kornet var baade grønt og lett daa Hausten kom; paa sume Fjellgardar fraus det reint burt, og yst i Fjordarne stodo Folket fyrre Vika og rotade i Snjoen etter Poteterne sine, og Kornstaurarne laut dei rista Snjoen av og bera dei inn vaate og ihopklaka. Det er soleides ringt med Aarvegen, og sum Stad aa reikna fyre eit Uaar. Men me maa vera glade og takka Gud at me fengo eit midels godt Høyaar fyre det meste, for det, me kann venda av Avdraatten, heve i dei siste Aar voret so høgt i Pris, at berre me hava nokot Mat til Kui, so faa me Berging aat oss sjølv og. Folk taka ogso no til aa skyna, at det er sandt at Kui mjølkar etter Meilen: fær ho Nøgda Mat, so giv ho ogso Nøgda Mjølk. Men med at rygta og føda Kryteri vel, gjenger det baade smaatt og seint; det er fælt, kor seinføre Folk er til aa faa Augo upp fyre sin eigen Bate; men "det munar daa jamt, ja det munar. " Og so iduge Folk er til at dyrka Jordi no i den siste Tid! Udskiftning, Utflytning, nye Gjerdsgarar, Nybrot og Rydjing, det sjaa me, dei stræva med i mest kvar Grend.
 
Me hava ogso i flestalle Bygder Kav med Skulestell, Boksamlag og slikt, som kann fremja Upplysningi. Amtsskulen i Gloppen byrjar no andre Vetteren, og der er uppsett ei ny fager Laan til Skulehus. I Sundfjord hava dei ogso fenget ein Amtsskule paa Florøy, so no hava me tvo Amtsskular i dette Futedømet, og paa Holmedal i Dalsfjorden er det ein Gjenteskule, som den gjæve Amtsagronom Eide stende fyre. Det vantar berre dei skulde læra upp Gutarne og Gjentorna paa desse Skulom til at lesa og skriva sitt Morsmaal. Detta er det vel inkje Raad til aa venta enno, men det er vist inkje fortidlegt at krevja det no heretter. Aanei, naar eg tenkjer paa det fagre Nordfjordmaalet, kor klangfullt det lyder, og i so myket svipar paa Gamalnorsken, daa gremer det meg, at dei inkje bruka det baade i Kyrkja og Skule, baade i Skrift og Tale. Jau i Daglegtaleu brukast det, det lyder enno til Kvardagsbruk. Fyre nokre Aar sidan foor eingong Amtmann Aubert upp yver Hornindalsvatnet, det var ein fager Sumarmorgon, og Skyssen sat og svallade um Veir og Vind; daa tok ein til Ords: "Nei sjaa Lidi, ho stende so fride." Amtmannen skvatt upp og spurde, um dei talade Oldnorsk der i Bygdi. Nei var det likt seg, so gamaldagse vaaro dei vist inkje, og dei prøvde aa danska det beste dei kunde. Jau, meinte Amtmannen, det var paa det nærmaste Oldnorsk, og tykte deira Maal var vel so fagert som dei danske Ordi dei vilde bruka seg med til honom. Men detta var daa løget: "Amtmannen lika Nordfjordmaal," kunde det vera trulegt? Ja kvifyr inkje? Men um det gjenge aldri so smaat med aa vyrda og værna um Bondemaalet og med at faa det inn i Skularne, so er det likevel god Raad til aa læra det heime. Kvar Mann og Kona heve fyrr i Tidi sjølv voret Skulemeistar til Borni sine; dei kunde vera det enno, ja det er deira Skylda aa vera det framleides, um dei faa aldri so gode Skular ellest. I kvart Hus skulde finnast nokre Landsmaalsbøker og deribland den vesle Leseboki, so kunde Borni temja seg upp med aa lesa i deim um Vettrakveldarne, og Foreldri skulde høyra paa og retta og leida deim. Og kvar Gong "Fedraheimen" og "Fra By og Bygd" kjem, so skulde De lata Grannarne faa vita det, og naar Stova kjem mest full av Gutar og Gjentor, som vil høyra nytt or Avisbladom, so kann ein lesa høgt og sidan snakka um det De hava leset. Soleides fortalde ein Nordlending, at ein Mann gjorde i hans Heimbygd, og det gjorde, at Kortleiken og Ølflaskorna kvorv burt, og det vart Kveldskule og Lesing og Upplysning so heile Bygdi vardt mest umskapa og knappast til aa kjenna atter berre eit Aar elder tvau. Eg nemnde ovanfyre, at det er komet istand ein Gjenteskule i Dalsfjorden, det var aa ynskje det snart kom fleire slike Skular, for det tarvst. Det er Synd aa segja annat, en at Nordfjordkvendfolki ero baade hage og arbeidsame, men Husstellet er sume Stader langtifraa godt. Dette er serleg Tilfellet i Eidsfjorden, og Grunnen er lett at finna. Karmennerne fara kvar Sumar paa Bygningsarbeid til Sundmør og Aalesund, og Kvendfolket lyt pløgja og saa, setja Potetor, rydja Marki, slaa og høya, rykta Buskapen og passa Borni; kor skal dei daa faa Tid til aa stella Huset paa folkevis? Nei paa detta maa det koma Umbrøyte, skal inkje den fagre Eidsbygdi med Naustedalen koma i Vanrygte og dei stakars Konorna, som slæpa som Trælar, inkje faa det Ordet paa seg, at dei ero nokre Skitsubbor alle ihop. Kvendi skal livast fyr Tungarbeid, so dei kann fjelga Huset og breida Hyggje yver det like ned i den ringaste Husmannsstova. Gjenteskularne meinar eg vil jamna Vegen til eit slikt Umbrøyte og føra fram eit betre Husstell i det Heile, serleg naar Skularne ero so vel lagade som den paa Holmedal, for der verda Gjentorna upplærde til duglege Bondekonor, og so skal det vera; dei skal inkje upplærast til at vera Stasmøyarog Bydamer, som sume vil det.
 
Um detta kunde vera myket at segja, men eg ottast fyre, Brevet mitt vert forlangt, og so vilde eg helder at ein annan, som betre kunde gjera det, vilde greida Emnet ut i Fedraheimen.
 

Frå Fedraheimen 24.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum