Notisar.

7 Folkehøgskular er no i Gang: Vonheims i Gausdal fyr Gjentur. Lærarar er: Brun, Bøhn, Fr. Hansen, Kr. Janson. Sagatun ved Hamar. Lærarar: O. Arvesen og H. Storeng. Vigmarken ved Grimstad. Lærarar: V. Ulman og G. Lorentson. Halse paa Nordmøre (fraa 8de Oktober til 15de December.) Lærar: Daniel Sæther. Frosten i Thrøndelagen. Lærarar: L. M. Bentsen, Kuløy, M. Skard og Dyrlækar Skar. Beitstaden i Innherad. Lærarar: H. R. Foosnæs og N. Brænne. Ullensvang i Hardanger Lærarar: Johs. Helleland og Nils Skaar.
 
I Danmark er det no 22 frie Folkehøgskular, som faa Statstilskott paa tilsaman 4-5000 Spd.
 
I Sverike fær 23 frie Folkehøgskular Tilstudnad av Staten paa ialt 9-10,000 Spd.
 
Mord i Hamborg. Fredagskvelden den niande d. M. var det ein Arbeider i Hamburg, som ved ein Kanal braadt høyrde nokon gret og bar seg, og han kunde skilja desse Ordi: "Lat vera Far, lat vera Mor; det er daa ein Gud!" Deretter høyrde han, at nokot tungt vart kastad ned i Vatnet. Han sprang fram reint fælen og saag 2 Karar og eit Kvendfolk taka Floget. Men nedi Vatnet var det ein som ropad: "Far, Far redd meg!" Daa det var raadlaust aa gjera nokot aaleine sprang han aav aat ein Politistation og fekk i Folk, og daa drog dei upp Liket av ein 10-12 Aar gamal Gut. Sidan hev dei funnet ut, kven som var Mordaren; det var Moderi, som hadde drepet sjølv sin Son.
 
Upsala Bygdemaalssamlag, som framleides driv onnugt paa, fær stødt nye og gilde Upplysningar um dei sereigne Maalføre, Ervesegner og Seder i dei svenske Bygdom. Det ser no ut til, at dei ymse Lag skal verka med meire Einskap, og dei hev no samraadd seg um eit nytt Alfabet, so dei skal kunna skriva kvart Ord plent som det lyder. Til Sjølvljodarne elder Vokalarne skal det vera 24 Teikn, og til Medljodarne elder Konsonantarne 42 (av desse 5 fyr "r", mest sudsvenske.) Naar det lid paa, tenkjer dei aa gjeva ut eit eiget blad: Tidsskrift för svenska landsmålen.
 
Brand paa Vos. Den 29de Oktober brann Størstedeilen av Gaarden Øvstedal i Evanger upp. Elden kom upp i ei Løda, men daa Vinden var so strid, var det ikkje lenge, fyrr 20 Hus stod i Loge. All Avlingi strauk med. Krøtri fekk dei løysa ut tidsnok so nær som ein Hest. Det var 8 Busitjarar paa Gaarden, men berre ein sparad Elden. 30 Menneskje vart heimlause og matlause mod Vetteren.
 
Fraa Stavanger høyrer me au dei klaga yver blautt og raatt Veer, so det hev voret kavsamt nok aa faa Avlen i Hus. Kornet vart lett av seg allestader derburte, og Jordepli vart smaae og litet av, so det visst vert drjugt med Prisarne paa det meste. – Prisarne paa Jordi stend au ovleg høgt. Det vert selt sumestader likevæl. Det ser ikkje ut til, at Jadarbanen skal slaa ned Prisarne paa Bystykkjom, som det vart spaatt.
 
Universitetet. Stipendiat Ebbe Hertsberg skal hava vortet Sigermannen i Tevlingi um den nye Professorposten i Statsøkonomi og Statistik.
 

Frå Fedraheimen 24.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum