Rispur.

Enkjesorg. Ein rik Bonde i Øyestad døydde; Kona tok Skræddar i Huset til aa sy til Likferds. Dagen fyrr Likferdi skulde vera, gjorde Skræddaren seg ei Byreis, og daa han kom heim att um Kvelden, var han nok helder nokot ør i Hovudet. Det bar daa so til, at han tok paa fridde til Enkja. "Hyss, Per!" sa' ho, "eg vil ikkje høyra eit Ord um slikt – fyrr han Olav er komen i Jordi."
 

Ein Ny-York-mann flutte ein Sumar ut til ein liten Laugarstad. Ein Dag kaupte han 7 Pund Sukker av ein Handlar der, men merkte snart, at det var fælt uppblandet med Sand. Næste Dagen sette han ei Lysing inn i Bladet, slik: "Merk! Eg kaupte hjaa ein Handlar her i Byen 7 Pund Sukker, og or det skilde eg ut 1 Pund Sand. Dersom den Fanten, som narrad meg slik, vil senda hit til Bladstova 7 Pund reint Sukker, skal eg Ingenting gjera honom. Men gjer han ikkje det, skal han koma i Naudi." Den andre Dagen kom det nie 7-Punds-Pakkar til Bladstova. – I Byen var nie Handlarar.


Frå Fedraheimen 24.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum