Skildringar fraa Italia.

(Ved Kristofer Janson).
 
II.
 
Paa Kapitolium.
(Framhald)
 
(Del 5 av 25. Fyrste delen.)
 
Fyre denne utspjaakade Vaksreivlingen i Krubba verd her no preikat i Vikorna millom Jol og heilag tri Kongar av Smaaborn paa 8-12 Aar. Beint framfyre det umrødde Kapellet er det reist ein Talarstol, og ditupp krjupa daa desse smaae Prestarne. Du kann tru, det er løget at høyra. Her standa dei, smaae søte Ungar, Gutar og Gjentor, og leggja ut um Jesubarnet og alt det me hava at takka det fyre. Snart er det ein aaleine, snart er det tvo, som prata saman, og den eldste skal daa paa Læst rettleida den yngste, naar han forbinad spyr, kvat det er for eit Barn det der i Vogga, og kvat all denne Stasen skal segja. Og dei slaa med Armar og sparka med Bein og fikta og mynstra seg til som utlærde Skodespelarar. Men yndelegt er det. Alt som Italienarborn gjera er yndelegt. Um det so berre er at hoppa paa ein Fot elder driva til kvarandre under Øyrat, er det kunstfagert. Kom dei i Lag med vaare norske Ungar, vilde det vera som ei Erla og ein Bjørnunge i Dans saman. Og so er det denne underlege granne Barnarøysti, som altid kløkkjer Hjartat og mest, naar ein heve Born sjølv, og at høyra Guds Lov og Pris i Barnamunn tek ein sterkare enn den beste Talen fraa ein Meisterprest. Ein høyrer og Folk ropa kringum: "nei kor lækker ho er!" og mangt annat slikt, og den glade Moderi, som stend atmed Talarstolen og skal hjelpa Ungen sin upp, smiler med heile Andletet. Alt detta er no godt og vel. Men naar ein so tenkjer paa, at det er utanbokes lært, at denne Leksa er pløgt inn i Ungarne Dag etter Dag, ja at det er alt, dei hava lært det Halvaaret kannhenda, at dei er upptamde til at leggja Henderna i Kross, upptamde til at peika paa Krubba, upptamde til at siga i Kne, naar dei koma til det elder det Ordet, upptamde til at skjelva i Maalet og settja skuldlause Augo – huf, so vender ein seg elgjen burt ifraa det alt ihop, det er inkje naturlegt, det er inkje Sanning – Komedispil, berre Komedispil. Men Gud skje Lov, Barnenaturi er for sunn til at kunna soleides valdtaka seg sjølv, og mange av desse Borni er no inkje gode til at leika Stykket sitt til Endes. Det kom ein Gut fram; eg saag, han var nokot rædd, endaa det rann som Vatn or Sil. Og han rengde Augo, og han var uppglødd, kvar Gong han nemnde Madonna elder Bambino-Namnet, og han slo ut med Hondi og rullad paa r'en som ein ægt Italienar, og det med det mest aalvorsame Andlet. Men snaudt hadde sidste Bokstaven smottet utfyre Lipporna hans, fyrr han storlog yver heile Andletet hjartglad yver, at han var vel ferdug.
 
So kom det upp ei liti Gjenta stakkar, som kom i Skade fyre at snu den galne Enden til Jesubarnet og deim, som glodde paa, og tok til at preika fyre snaude Veggen. Det vardt daa ei Riving og Sliting i Stakken hennar, og ho braadstanad i Talen sin og spurde, kvat det var. Endelega fekk dei vendt henne, og daa stod ho bljug med Hovudet paa Skakke, smilad og beit seg i Fingren. Eg hadde slik Hug til at fara fram og kyssa henne, so tekkeleg var ho.
 
So var det ei, som byrjad med at siga i Kne; men no var det for tidlegt gjort maa vita, og daa vardt det eit Rusk og eit Riv til at faa henne upp paa Fot atter. Ventelega hava dei fenget Ris desse Smaastakkrarne, naar dei er heimkomne, fyredi dei gjorde Sakerna sine so klent. Hadde berre Foreldri visst, kor myket betre desse hadde preikat enn hine!
 
Men ein Gong lyt det hava ein Ende med denne Barnepreiking, og der hava me Musiken. No verd det Liv i Kyrkja. Framandfolk skumpa seg fram med Augnaglas og vil sjaa, Gutar garta med Gjentor, og desse standa og giva Spilemennerne Spitord og prikka burt i deim, for no vaaga inkje Spilemennerne røyva paa seg; dei standa paa Lina paa Golvet. Prestar fara med Ljos og Kyndlar (Fakler), og Munkar, baade svartklædde og kvitklædde og brunklædde fljuga kring. Or Vegen! - der koma dei berande med "Bambino." Spilemennerne setja i med ein lystug Galopade, og no ber det utigjenom Porten med Jesubarnet, no skal det lysa Velsigning utyver Romarfolket. Paa den store Troppi er det Liv og Leik; dei samsnakka, dei lægja, dei ropa ut Varorna sine – hyss! der er Bambino. Og som med eit Trollslag verd det daudstilt, og alt Folket paa Troppi sig i Kne med krosslagde Hender og Augo feste paa denne glimande Dokka, som Presten no høgtidleg lyfter uppyver deim. Det var agande at sjaa. Det foor som ei heilag Rædsla gjenom meg, daa denne Mannamengd seig i Kne fyre Jesubarnet, og eg saag dei vaate, dei gudelskne Augo stira paa Bilætet. Men det varad inkje lenge. Snaudt nog var den sidste Glytten av Bambino kvorven innum Kyrkjedøri, so valt Leiken og Kjæta fram som ein Straum; dei log og dei skjemtad, og Gutarne beljad paa: "santo bambino per un Bajocho!" (det heilage Barnet fyre ein Skiling), og baud fram smaae Dokkor av Leir elder Sukkerty med Maaling paa og store raudtgloande Bilæte. Stilla og Andagti var som strokne burt; det daglege Staaket var atterkomet. Og likavel trur eg inkje dei laug dei Andlet, der Gud skreiv med sin Finger i den Stund, dei saag sin Heilagdom. Men det var med detta som med heile Kristendomen hernede fyre Aalmugen. Han er bygd paa Kjenslor, som stiga fram og kverva burt Dag etter Dag. Trui er inkje soleides ingrodd i deira Hjarta, at ho syner seg i deira daglege Gjerd. Deira Kristendom er at kunna bøygja Kne fraa Klokka 9-10 og remsa Bøner elder krjupauppetter den heilage Troppi paa Kneom, elder kyssa St. Petrus paa Taai, elder skjelva i heilag Otte, naar Presten lyfter Bikaren i Messa o. s. v. Aa ja – dei er inkje likare hjaa oss, naar dei tru, dei tena Gud med at ganga i Kyrkja kvar Sundag og til Alters eit Par Gongjer um Aaret og so ellest liva som det kann falla seg. Eg er viss um, at Synet av Bambino kastad som ein heilag Gneiste ned i mang ei Sjæl, dei kjende seg Gud og Frelsaren nær, og Hjartat skalv – men so, burte atter som eit Luftsyn. Det kann vel henda, at mang ein Fader og Moder, naar dei kom heim, tok Barnet sitt upp or Vogga og kysste det tvifaldt glade ved Tanken paa Jesubarnet og lovad Gud og Faderen fyre hans Miskunn og bad godt fyre seg og Barnet sitt.
 
Spelstykki her skal no inkje gjera myket til at halda Andagti fast. No setja dei i med ein Mars derinne i Kyrkja, so det durer baade Veggjer og Tak. Og der koma dei andre Gongen med Bambino og Flagd og Stas i ei lang Stemna (Procession). No skal dei kring um i Byen og syna honom fram. Fremst ganga Fransiskanarmunkarne med Vakskjertor i Henderna. Sjaa paa denne kvithærde, magre Mannen i den brune Kyrtlen med Reip kring Livet og Solar paa Fotom, som ogso gjeng med sitt Vaksljos til Æra fyre Madonna og hennar Son. Han høyrer oss til meir enn dei andre. Det er ein dansk Mann. Namnet hans er Küchler. Han var ung og lystig, ein Spottegauk baade yver Prestar og Munkar. No sit han sjølv attanfyre Klostermuren og maalar heilage Tavlor og bed sin Rosekrans. Landsmennerne hans koma tidt til Klosterporten og beda um at faa tala ved Broder Pietro. Livet hemner seg ofta stygt. Men denne Munken preikar fyre oss, at me inkje maa døma nokon. Stemna skrid framigjenom nedetter Bakken til Torget, Folket fylgjer, snart er Kapitolstunet tomt. Men Markus Aurelius sit atter paa Hesten sin, han Heidningakeisaren, som forfylgde dei Kristne. Og han retter endaa Hondi si utyver Rom med Herskarandlet og ser svivyrdelegt ned paa alle desse Maurar, som kravla kring Føterne hans og draga kring med Stjernor og Band og Bilæte av Vaks. Kom lat oss ganga inn i dei svale Romi i eine Utstillingshuset og lata Heidningadomen fylla oss med store Tankar, som den tome Kristendomen inkje kann giva.
 
(Meir).
 

Frå Fedraheimen 24.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum