Til ungguten.

Les og lær og tenk, og vert aldri trøytt. Me maa arbeida oss upp. Skal du vinna nokon Veg i Livet, so maa du vera klok. Du maa hava Kunnskap og Tankar. Du maa vera imindsto aandeleg jamgod med dei hine; hellest vert du etterliggjande og lider vondt. Men vil du vinna fram med nokot sjølv, daa maa du vita og skyna meir enn som Storhopen.
 
Det er slikt, me hev aa gjera i Verdi. Me skal læra, tenkja og arbeida. Difyr hev me Vitet vaart, at me skal bruka det. Det er det, som gjer Mannen til meir enn Dyr. Du skal ikkje berre sjaa paa Himmel og Fjell og Gras og Sjo, du skal skyna deim, du skal vita, korleids alle desse Ting heng ihop. Du skal vita, kvifyr Vinnen bles og Regnet drys og Skogen veks og folnar og Vatnet silrar og renn og speglar av baade Himmel og Jord. Men fyrst og seinst skal du sjaa paa Mannalivet og tenkja etter det. Du skal vita, korleids Folk liver og fer aat, og kvifyre dei liver og fer aat so. Difyr hev me Soga, og difyr hev me Dikting og Kunst. Soga syner deg det store Livet, Ættarlivet i sin breide blenkjande Straum; av den skal du læra, kvat Ætti kavar med og kavar fyre, og korleids ho skal vinna fram til det, ho lengtar imot. Men av Diktaren skal du læra, kvat det er som bur inne i kvar Manns eigen Hug, hans Traadom og Tanke, hans Von og Vit, alt, som ligg i Mannsens Natur, baade godt og galet. Av Diktaren skal du jamvæl læra aa skyna deg sjølv. For det er han, som liksom granskar Innsida av Livet.
 
Les aldri ei Bok, utan du gjere deg sjølv Greida fyre, kvat der stod i Boki, og hoss Boki etter dit Vit var. Du kann læra myket endaa av ei klen Bok, berre du les med Vit og Ettertanke. Men les du som ein Tull, daa hev du vondt endaa av dei beste Bøker.
 
Men – av Bøker vert Ingen fullvis Ei Bok er ikkje til annat, ho skal læra deg upp til aa sjaa, og so til aa læra av sjølve dei Ting du ser og høyrer ikring deg. Den, som er klok, han legg Merke til tusund Ting, som Faamingen aldri korkje ser elder gaar, og dermed lærer han, og fær Tankar, kor han snur seg.
 
Og so rik og stor som Heimen og Livet vert, naar du ser paa det med klaare Tankar og "uppletne Augo." Faavisingen gjeng gjenom Verdi som eit Naut, og hev Ingenting fyr det. Han gjeng or Verdi att so god som han kom, han. Han er plent som ein Blinding, som kjem inn i ein stor og fager By. Den Blinde gjeng gjenom Gaturne han liksom andre; men naar han fer av att, so hev han ikkje meir godt av det enn han aldri skulde ha voret der. Men den Kloke, han ser, gledest og lærer.
 
Det er ein Ting. Men her er meir aa hugsa.
 
Mannen er ikkje sett i Verdi einast fyr si eigi Skuld. Vil du vera det du skal, daa maa du stella deg slik, at du og kann vera til Gleda og Gagn fyr andre. Og her er det, du helst skal bruka Vitet dit. Ein klok Mann kann mangeleids vera til Gagns, og kann faa Mangt fram. Er det ikkje Landet, som treng til deg, so er det Bygdi, elder Grannelaget, elder dine eigne Husfolk. Allestader er nokot aa gjera, som er godt, d.e. som er til Gagn elder Hugnad fyr Folk. Og ingen er so arm, at han ikkje kann hjelpa til, hev han Vitet og Lærdomen til det. Du minnest væl "Gamle Olav sonlaus," som Vinje syng um; han laag paa Legd, han Stakkaren, - og kunde endaa gjera Lika fyr seg.
 
Der er og so mangt aa tenkja paa no, som ikkje var fyrr. No skal ein Mann vera med i Soknestyret, han skal vera med i ymse andre Møte, og han skal vera med i sjølve Rikslivet, um det so berre er til aa "stemma" paa ein Valmann. Med alt slikt stend Faamingen reint uppraadd. Han veit ikkje kvat han helst skal meina og gjera, og er det daa ein Mann, som kann telja væl fyre honom, so kann han snu og sveiva honom nett som han sjølv vil. Difyre er Faamingen i Grunnen altid ufri. Men den, som hev lært og tenkt, han kann sjølv finna ut, kvat han skal gjera i ymsekvart Tilhøvet, og kann daa vera sin eigen Mann, og vita, at han gjere det som rett og godt er.
 
Mannen er sett i Heimen til aa læra det som er sannt, gleda seg i det som er fagert, og arbeida fyr det som er godt. Og den, som er klok og vis, og som attaat legg si Magt paa aa vera til Hjelp i alt godt Verk, som han kann hjelpa til med, - han er slik som Mannen bør vera. 
     
n.
 

Frå Fedraheimen 24.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum