Utlandet.

Som jamlege, er det Frankrike og Striden der, som dreg Heimsens Augo paa seg framfyre baade Krigen og alt annat. Etter Usigeren i Vika, som var, hev Riksraadet set seg nøydt til aa beda Riks-Fyremannen (Marskalk Mac Mahon) um Avløysning. Det stend no paa, um det kann koma til nokor Semjing millom honom og det sigrande Fleirtallet. Etter vanleg Rikssed skulde han utor dette velja seg eit nytt Raad; i all Fall skulde det synast aa vera den einaste moglege Utvegen for ein vald Riksstyrar i ein Republik. Det er likevel ikkje stor Von til, at han gjerer det; han hev sjølv teket for avgjort Parti paa hi Sida til det. Men vil han berre byta Mannskap i Riksraadet og elles halda fram, som han no stemner, kjem han vonlege til aa freista ei ny Uppløysning av Folketinget, endaa ein skulde tru, at Folket hadde talat greidt nog ved dei siste Vali. Til den Aatgjerdi treng han Samtykkje av Senatet, og det hev han fulla som ei Von um aa faa, for det Atti-Valet av livsvarige Senatorar, som nyst gjekk for seg, det viser, at Bakstrævararne der enno er dei sterkaste. Men no heiter det so, at Fristyremennerne i Folketinget vil gjera gjeldande, at det er uloglegt aa senda Tinget heimatter paa nytt Lag, naar Folket hev sagt sin Dom, og at dei ikkje vil vikja for annat en Magti. Kjem det fyrst til ein slik Krig paa Kniven, der i Grunnen Neveretten er den einaste Retten, som gjeld, vil Frankrike vera komet inn i ei Bakevja, anten so den eine elder den andre kjem ovanpaa til Slut. Umstøyt vil avla Umstøyt etter seg framigjenom, det er den visse Etterkoma. Og Skuldi for dette hev "den rettviljuge Soldaten", Mac Mahon, men meir en handei Raadgjevarar, han er fallen i Klørne paa, som hev fenget honom til aa gjera deira Politik til sin eigen, og som hev innbillt honom, at han er Mannen med Syn og Handlag til aa styra det franske Statsskipet i Hamn gjenom Brim og Brot, so no ser han seg sjølv i ei Hildring som Landsens utkorne Frelsar fraa Radikalisme, Socialisme, Kommunisme og annan Styggedom, som Bakstrævararne vedrar i all Framgang. - Ei Vinglevon er enno atter, og det er, at Senatet kannhenda likevel evar seg um aa samtykkja ein Motstandspolitik, som lyt føra ut i Ulukka. Det hev i det siste voret ymse Teikn til, at dei "Konstitutionelle" (Orleanistarne) i Senatet no vil hevla paa, og ikkje fylgja med lenger. Men anten no Utgangen vert ein Siger for Atterstrævet elder for Framstrævet, vil Etterkjømet sporast i Politiken langt utum Frankrikes Landmerke. Ein kann med Sanning segja, at Frankrike politiserar for heile Europa.
 
Krigen. Kars er no fallet i Henderne paa Ryssen, og dermed er fulla Krigen i Litle-Asia avgjord til aa kalla. Ryssarne kann no setja heile Magti paa Erzerum, og dette hev daa visst ikkje helder langt atter. I Plevna skal det ikkje vera so matlaust endaa; sume segjer, at Osman Pasja skal hava Mat ut denne Maanaden, og sume segjer, radt til Jol. Det er no ventande, at han snart gjerer eit Utfall for aa slaa seg igjenom, men det er mindre Von, at det vil lukkast. Men kor som er, so er dei endaa ikkje ferduge, for Ryssen hev daa i all Fall atter aa gjera Ende paa Suleiman Pasjas Her, fyrr det er tenkjande paa nokor Fredgjerd; og det kann henda, at Turkarne enno fær fleire Herar paa Føterne, som lyt krynast, fyrr dei gjev seg; for dei hev myket Folk aa taka av. Rumænarne skal vera misnøgde med Samlaget med Ryssarne; Heren deira er løyst upp i Smaaflokkar, som er stungne inn i dei rysske Avdeilder, so dei vert so godt som burte. No daa Ryssarne hev Lukka med seg, er ogso Smaariki i Nærleiken, Serbia og Grækland, ferduge til aa kasta seg inn i Krigen for aa faa sin Lut med ved Fredgjerdi. England freistar aa avstyra, og daa det ikkje vert stort vyrdt, kyter det paa aa verja sine "Interesse" med Magt; men England gjerer ikkje stødt Aalvor av Kytet.
 
Um Uppstyret iKonstantinopeler det so fortalt: Fredagen den 2dre i d. M. var det paa Kyrkjemurom aa sjaa Uppslag, som kravde Framhald med Krigen, og at Mahmud Damat skulde undan. Dei skuldad honom for aa vera Riksens Fiende og for aa hava støypt Landet ut i Ulukka, og umsagde honom. Eit av Uppslagom lydde so: "Vakna, Søner av Fedrelandet! Den høge Port (Styret) hev sett Yverhovdingarne for Heren til aa skona Ryssarne. Porten stend i løynlegt Samraad med Fienden for aa gjera ein ulukkeleg Fred. Me er gjevne Ryssom i Vald. Aldri vil me tola dette. Me lyt alle arbeida paa aa driva Fienden utor Landet. Me lyt slaast til det ytste, og deretter freista aa faa gjort ein god Fred. Dersom detta ikkje kann lukkast oss, dersom den allmegtuge forlæt oss, so lat oss drepa Nidingen Mahmud Damat og so døya sjølve." Desse Uppslagi var utgjengne fraa Venom aat den avsette Sultan Murad: dei hadde samansvoret seg for aa støyta ned Abdul Hamid og Maagen hans og setja Murad paa Trona atter. Det var ei illherveleg Øsing i den turkiske Deilen af Staden. Men Mahmud Damat kom paa Spor etter Hovudmennerne, og dei vart fengslade. Daa Sultaten fekk sjaa dei avrivne Uppslagi, vart han reint rasgalen. Politiet vart sendt ut paa alle Leider, og myket Folk vart sett fast. Murad tok dei og førde av aat eit annat Stelle, og heretter vert det fulla teket betre Vare paa honom. Dette, attaat de laake Tidender fraa Krigen, gjerer Sultanen hugfallen, og det er aalmenneleg Tru, at han lengtar etter Fred. Det er det same Hugdraget, som ligg til Grunn for det Ordet, som gjeng millom Turkefolket, at Sultaten skal hava sett Profeten i ei Syn, og Profeten sagde ved honom, at det no hadde runnet nog av Blodet aat dei Truande, og at det no var paa høg Tid aa skona Islams Born.
 

Frå Fedraheimen 24.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum