Hans

 
(Brev).
 
Fyr eit Par Vikur sidan skulde her vera Brudlaup paa ein Gard her; men det gjekk krokutt til. Brudparet – skulde verta – var tvo Strilaborn; han tente i Byen, ho var heime hjaa Foreldri her i Arne, Daa Brudlaupsaftanan kom, skulde dei samlast kvar fraa sin Kant, og Brudgomen skulde koma fraa Byen; - aa ja, Brudlaupsfolket kom, men det kom ingen Brudgom. Det leid mot Kvelden, Byfolket kom heim fraa Byen, men Brudgomen var ikkje med der held. Daa vart dei radt styrelause og visste ikkje kvat dei skulde taka til. Dei fekk høyra av Byfolket, at han var gjengen fraa Byen tileg um Morgonen, og Ingen hadde set honom sidan; dei trudde nog, at anten var han rømd elder so hadde han gjort seg nokot. Det laut Atterbod til Presten; Brudi laag heime vitslaus, ho.
 
Um Kvelden kom ei Gjenta fraa Støylen; upp i Marki høvde ho ein Framandkar, som spurde um der var Brudlaup heime paa Garden. Daa drog Gjenta Kjendsel paa Karen, sagde kvat ho meinte um honom og bad han fylgja seg heim. Men det vilde han ikkje. Daa sprang ho heim og fortalde kven ho hadde set, og trast sette Folk i Vegjen fyr aa faa Karen til Tuns. – Dei vart liggjande sjuke baade tvo ei heil Vika, og Presten var hjaa dei; men no skal det ha jamnat seg med dei, so dei skal ihopgjevast fram i Vika. Kvat som var komet yver Karen veit eg ikkje; det var korkje Fylla elder Galenskap.           
 
J.
 

 

Frå Fedraheimen 26.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum