Kristiania, den 25te Juni 1878

 
Det var eit langt Thingmøte detta seinste. Fraa 1ste Februar til 21de Juni er ikkje langt ifraa 5 Maanadar.  Slike lange Møte maa vera reint helseslitande fyr Folk.  Arbeidet er baade tungt og kjeidt, og detta lange Liv innanstokkes er ei stor Møda fyr den, som ikkje er van til det. Anten lyt no Thinget finna ut Raader mod desse lange Møte, elder so lyt det skipa seg so, at Thingmennerne kann faa ein Frimaanad elder tvo innimillom.  So lange Møte i  Eit  duger ikkje. Thingmennerne vert so slitne og trotne paa Sluten, at dei er mest ubrukande; men just paa Sluten er det, at dei store Saker kjem upp.
 
Hev detta Thinget voret av dei lange, so var det daa Synd aa segja, at det hev voret av dei store elder sterke.  Si største Fyreloga, Skattesaki, hev det  ikkje  greidt; det fælte seg av fyr ei "Folkemeining", som me høyrer alt no tek til aa venda seg, endaa paa Vestlandet, der Pengemagti er mindst. Og so, istadenfyr aa bøta, der Bot turvtest, lagde det nye Steinar til det Lass av Rangvisa, som heiter Tollskatt-Stellet, so paa same Tid som Embættsfolket fekk sine Dyrtids- Tillegg, vart Matbiten og Kaffiskvetten gjort  dyrare  endaa  fyr dei Stakkarar, som litet hev, dei, som berre maa lita paa sine eigne Henders Slit, og som aldri fær klaga, naar det leiter paa, slik som desse Morgenblads-Matstrævarar.  Det einaste Gode ved denne Thingets Avgjerd er, at Folk heretter meir og meir vil faa Augo upp og sjaa, kor bakvendt det no snur, og naar so Innkomeskatten kjem upp att næste Aar, so vil han verta motteken med Ro av dei Fleste.  Me kann vera med paa, at Folket trong um ei slik Fyrebuing. – Riksskuldi vart i Aar aukad med 31 Millionar Kr.  Men aa laana Pengar inn i den norske Rikskassa no, det er som aa ausa Vatn i eit Sold; dei 24 Millionar var alt – ved Ovkostnadar – burtøydde paa dei gamle Jarnveger. – I sin  Politik  var Thinget veikare enn Folk hadde ventat.  Skattenemnd-spursmaalet, som hadde ymis politisk Tyngd, sleppte det magtlaust ifraa seg og gav Regjeringi Rett.  Dersom no Regjeringi vil bruka det Taket, ho her hev fengjet, so vil ho heretter kunna faa baade Stadfestingsrett paa Bevilgningssaker og Magt til aa stella med Storthings-Avgjerderne som ho sjølv tykkjest.  Ho kann taka ut or kvar Avgjerd det ho sjølv likar, og strjuka elder umgjera Resten.  Kjem so Thinget og vil segja Stopp, so viser Regjeringi berre attende til 1878; det er eit "Præcedens," og eit Præcedens er ein speleg Ting.  Der skal eit kraftigt Thing til fyr aa retta desse Greidur upp att.  Men det er ikkje godt aa faa eit sterkt Thing ut or eit veikt og viljelaust Folk, so vaar einaste Von no fraa fyrsto i Grunnen er den, at – det er vandt um Regjeringi er klok elder sterk nok til aa bruka sin Siger.
 
Men i verste Vendet lyt me segja som Peter Tsar: "dei fær slaa oss, til dess me lærer aa slaa dei!"  Det er just av Røynsla, Ein vert klok, og Uheppa er det, som best kann kvessa eit Folks Tanke og Vilje.  Ei ufolkeleg Regjering kann vinna mange Slag; men – til Slut finn ho no sitt Pultava lell.
 
ein  Veg hev Thinget i Aar voret godt, so det vil faa Lovord fyr det i dei komande Tider: det var det fyrste Thing, som med Kraft tok upp den norske Tanken.  Det, som vart gjort der, er og eit "Præcedens," og det vil bera langt.  Thinget hev i det Heile voret godt i Upplysningsvegen. Skulelønerne er aukad, Professorlønerne sette i taaleg Skikk.  Og med Tanken paa det kann Ein trøysta seg mot mangt annat.  Upplysning er Magt, Upplysning er Liberalitet, og – Folkeupplysning er Folkemagt.  Det som her vert saatt, ber Frukter fyr Kjømdi, som ikkje kann setjast i Tal, og so lengje Thinget arbeider so godt fyr Uplysningi, so kann me endaa segja, at det er vaar Fridoms trygge Vakt og Drivhjulet i vaar Framgang.
 

 

Frå Fedraheimen 26.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum