Lysingar.

 
Fraa By og Bygd,
Maanadsskrift aat Vestmannalaget, kjem ut i Bergen med eit No. paa 16 Sidor Oktav kvar Maanad. Det kostar 2 Krunor Aargangen, fritt sendt med Posten, og kan tingast paa alle Posthus i Landet og i Bergen hjaa Kasseraren i Vestmannalaget, Olav Paulson.
 
Innhald 1878. Godt Aar (av Olav Lofthus). – Vel møtt paa nytt. – Vaart nationale Stræv i Samhøve med raadande Hugstemnor her heime (av Hans Mo). – Ørne-Augat. – Um Kunstarbeid (Fyredrag av A. O. Vinje). – Ei fager Lid; Jonsok-Kvelden (av H. E). – Ein Sumardag i Jerusalem i Aaret 9 fyre Kristus (etter F. Delitzsch). – Um Sleden, Eit Blad av Husflidsarbeidets Historia. – Natturi og Folkelivet ute med Havet. I. & II. – Knausarne paa Golgatha. – Vakn upp du Norigs Diktarstreng (av H. E.). – Borni hans Gamle-Gunnar, Regla fraa Sunnfjord – Ymist. – Fraa Naumdal.
 
Fraa April av
kjem "Fedraheimen" tvo Gonger i Vika. Prisen er den same som fyrr: Kr. 2, 20 fyr Halvaaret (elder Kr. 1, 10 fyr Fjordungaaret) med Postpengar og alt.
 
Bladet hev no betre Rom til nokot av kvart; serleg kann det fortelja meir Nytt, so at Folk vil kunna hjelpa seg med Bladet i den Vegen. Sohev det og ein fast Skuleartikkel, som inneheld Tidender (og andre Stykkje) um Aalmugeskulen, Folkehøgskulen og Amtsskulen; ledige Lærarposter m. m. Hellest vil det som fyrr innehalda: Utgreidinar um ymse Ting, Politik, Reise- og Naturskildringar, Forteljingar, Segner, Dikt, Rispur o. d. Gode Menn er med og skriv.
 
Bladet er enno aa faa fraa Nyaar 1878.
 
Hugs no paa aa senda inn Bladpengarne i rett Tid. Du sparar deg dermed sjølv fyr aa faa Stans i Bladet, og du sparar oss fyr eit stort Bry. - Betal helst fyr eit halvt Aar med same; det er mindst Bry baade fyr deg og oss.
 

 

Frå Fedraheimen 26.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum