Notisar.

 
Utanfyr Jylland kastad ein ung engelsk Lord i 1876 ei Flaska i Havet; inni Flaska laag ein Setel, der Lorden paa fem ulike Maal hadde skrivet, at han vilde gifta seg med den Gjenta, som fann Flaska. No hev Flaska drivet i Land upp ved Sandnessjøen i Nordland og er funni av ei Gjenta. Lorden hev fengjet Bod um detta og hev sennt Potrætet sitt.
 
I Sundre Undal var det ein Mann, ein gamall Sveinkall, som sette til Skogs og gjøymde seg av og vart verande der i 28 Dagar utan Mat; han hadde berre drukket Vatn or ein Bekk, men dei meiner han og hev etet Tare og Skjeljar. Han hadde ofta tenkt aa gjera av med seg, men kunde ikkje faa seg til. Han var laak, daa dei fann honom, men var daa med full Samling.
 
Den nye Kanonbaaten Sleipner er ute paa si fyrste Øvingsferd. Han er den største i Floten, 165 Fot lang i Kjølen, 28 Fot breid, hev 2 Kanonar, den eine er paa 44,000 Punds Vigt og den største i Landet; kvar Kula til denne Kanonen veg upp til 420 Pund. I Sumar skal han vera med i den Skip-Eksisen, som norske og svenske Herskip skal halda i Oslofjorden.
 
Nytt av Aaret. Dagbladet hev den 24de ds. set nye Jordeple (fraa Fornebu), store som Hønsegg.
 
Hedemarkens Amtsthing hev paa nytt (med 13 mot 11) negtat Sagatunskulen Pengetilskot.
 
Det Gjetord, som hev gjenget, um Hungersnaud o. d. i den islandske Nybygd "Gimle" i Amerika, er berre Snakk. Det er uppkomet av, at ein Prest av den "norske Synoden", som stiftad eit Serkjyrkjelag i Gimle, sette eit Bønebrev inn i Avisom um Hjelp til detta Laget.
 
I Svenningdal i Vefsen fann dei fyrr 2 Aar sidan ei Sylvgruva, som lovar svært godt. Dei hev arbeidt der i nokre Maanadar med berre faae Folk og funnet 60 Tons Sylvmalm, som vil gjeva Eigaren ein Fortenest paa ikr. 40,000 Kr. Andre Stader i Nordland skal og vera gode Voner fyr Bergverksdrift.
 
Stadfesting av Logverk. Den 15de d. M. er av Kongen stadfest: 1) Grunnlogsbrigdet av § 92 (Trufridom fyr Embættsmenn); 2) Log um Hopleggjing av Bruk; 3) Log um Lensmannsløningar; 4) Log um Skulelønerne; 5) Umskiping og Tillegg til Logverket um Freding av Laks og Sjøaure. – Logi um Innsetjing av Lensmann er ikkje stadfest.
 
Ein Mann i Drammen hadde Hovudverk og vondt i Augom; han fann daa paa aa fekk randsaka Foret i Hatten sin, som var blaafargat, og daa viste det seg, at der var fælt med Arsenik i Foret. Han er no god att i Hovudet, men Augo er ikkje heile att enno.
 
Fraa Porsgrund læt dei fælt illa um Pengetilstandet. Det er snart ikkje Raad aa verta av med Trelasti i Utlandet. Trelastfragterne er fælt daarlege, og det ser ut til, at det snart ikkje vil vera fleire aa faa i Aar. Engelske Mæklarar skal og aalmennt hava den Tru, at dei fleste Trelastskip vil nøydast til aa "leggja upp." Um so gjeng, so ser det fælt ut fyr vaare Sjøfolk og fyr andre med, daa Norig er av dei Land som hev lagt seg mest etter Fragting av Trelast.
 
Norsk Ingeniørhegd. Paa Jadren hev dei lagt Jarnvegen utyver alle dei Torvmyrar dei hev funnet, so no søkk han og søkk rett som det er. Paa Skjevelandsmyri hev 40-50 Mann arbeidt i 5 Vikur fyr aa fylla Banen upp att.
 
Det norske Samlag. Under Prenting: 1) Heimskringla III. 2) Gudelege Smaabøker II (snart ferdug. Saman med den kjem eit Upptal yver Samlagsmedlemerne i 1877 med Kvittering fyr dei, som hev betalat Aarspengarne). 3) Sogur og Eventyr, fortalde ved Kr. Janson.
 

 

Frå Fedraheimen 26.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum