Peter Schlemihl.

 
(Etter Chamisso ved Andr. Hølaas.)
 
Framhald.
 
Dagen gjekk til Ende. Eg sløkte min Hunger med vill Alda og Bær, min Torste i den næmaste Bergstraum. Notti kom. Eg lagde meg under eit Tre, fall i ein tung Svevn, tottest høyra meg sjølv snorgla 1) i Dauden, men vaknade endeleg upp, daa den kolde Morgondogg lagde seg yver meg. Bengel maatte hava misst mine Spor, og eg gledde meg ved aa tenkja detta. Eg vilde helst ikkje koma til Folk att, men fly fyr deim som Villdyri. Soleids gjenomlivde eg tri Dagar.
 
Morgonen den fjorde Dag fann meg paa ei Sandsletta, upplyst av Soli; eg sat paa ein Rullestein, midt i Straalehavet; for eg totte Mun i aa njota dei kvikande Geislar, som eg lengje so saart hadde saknat. Orvønen var eg likvel framleides. Daa tottest eg høyra Mannsstig i Nærleiken. Eg kvakk og saag meg umkverves, buen til aa fly, eg saag Ingen. Men paa den solbjarte Sand gleid det framum Føterne mine ein Mannsskugge, ikkje ulik min, som vagande um aaleine tottest vera fraakomen sin Herre.
 
Daa vaknade det i meg ei megtug Drift: Skugge, tenkte eg, søkjer Du din Herre? det vil eg vera! Og eg sprang radt av Stad til aa taka Skuggen; for eg tenkte, at han vel vilde hanga ved meg og med Tidi venja seg til meg, naar det lukkadest aa treda i hans Spor, so han kom rett fyr Føterne mine.
 
Men Skuggen flydde fraa meg, daa eg røyvde meg; eg tok til aa gjera ei hard Jagt paa honom, so hard, at aaleine det, som fyr meg var aa vinna ved Fengdi, kunde giva meg Kraft til aa halda ut. Han tok Vegen imot ein enno langt burtliggjande Skog, der eg naudsynleg maatte missa honom – eg saag detta, Rædsla tok meg, eg mannade meg upp og styrmde paa og kom honom næmare og næmare, og eg hadde god Von um aa taka honom att. Daa stadnade han og vende seg um imot meg. Liksom ei Løva, naar ho gjeng paa si Fengd, kastade eg meg med eit veldugt Sprang paa honom – men møtte eit uventat hardt likamlegt Motstand: eg fekk so harde Rivbeinstøytar, som vandt nokon Mann hev fengjet korkje fyrr elder sidan.
 
Fæla var nær paa aa taka meg, og saare var Sidurna, men eg gav meg ikkje; eg stramde alle Sinur og tryste fast til meg det, som usynleg stod fyre meg, men staup i Vaadvendingen framyver aa Gruve og under meg ei Menneskja, som eg heldt fast, og som eg fyrst no saag.
 
No tok eg til aa skyna, korleids det hekk saman. Mannen maatte hava havt det usynlege Fuglereir, som gjerer den, som hev det, usynleg, men ikkje Skuggen hans, og no hava kastat det fraa seg. Eg skygnde skjott kring meg paa alle Leider og timde strakst Skuggen av det usynlege Reir, sprang til og fekk med fast Hand Tak i det dyre Rov, enno fyr Mannen vann aa koma seg paa Føterne. Usynleg og skuggelaus heldt eg Reiret i Handi.
 
Mannen rette seg upp og saag etter sin lukkelege Yvermann i Kampen, men kunde ikkje faa Auga paa honom og helder ikkje paa hans Skugge, som han timde etter yveralt. Detta tottest han finna underlegt; for at eg var skuggelaus, kunde han ikkje tenkja seg, og hadde ikkje fyrr havt Tid til aa gaa det. Daa han hadde skaffat seg Vissa um, at det ikkje fannst mindste Spor av meg, vende han i den høgste Orvøna, som det tottest, Handi mot seg sjølv og reiv den eine Haardotten etter den andre av Hovudet. Meg gav den Dyrgrip, eg hadde fengjet, Høve, og Lyst ogso, til paanytt aa blanda meg millom Folk. Det vantade meg ikkje Grunnar til aa forsvara mitt Rov, elder rettare, eg gav meg ikkje Tid til aa tenkja paa det, men snøggade meg av Stad utan aa sjaa attende til den Ulukkelege, som eg lengje høyrde kvinka og jamra seg yver sitt Tap. Soleids kom det meg daa imindsto fyre.
 
Eg glødde av Lengsla etter aa ganga til Skogmeistarens Hage og sjølv vissa meg um Sanningi av det, som den Graaklædde hadde sagt meg. Eg visste ikkje, kor eg var, og gjekk upp aa ein Haug til aa sjaa meg um; derifraa saag eg Byen og Hagen liggja fyr Føterne min. – Hjartat bankade, som vilde det sprengjast, og Taarar – men av eit annat Slag enn dei fyrre – vall meg ned yver Vangarne: eg skulde sjaa henne att. – Eg vende Feti til Byen, og brennande Lengsla dreiv meg fram i Stormstig. Eg gjekk framum nokre Bønder, som kom fraa Byen; dei rødde um meg, Raskal og Skogmeistaren, men gaadde meg ikkje. Eg vilde Inkje høyra og snøggade meg fram.
 
Eg trod inn i Hagen, og budde meg til aa sjaa og høyra det Verste – eg tottest høyra Laatt imot meg. Eg gruste. Eg kastade skjott ein Blink umkring, men eg saag Ingen. Eg gjekk lenger fram; eg tottest høyra Ljod som av Mannsstig, men det var Inkje aa sjaa: eg tenkte, at mitt Øyra hadde narrat meg. Det var tidleg paa Morgonen, Ingen i Greive Peters Lauvverk, Hagen enno tom; eg gjekk gjenom de kjende Gangar, heilt fram til Stovedyri; eg tottest høyra den same Ljod – og tydelegare. Ottefull sette eg meg paa ein Benk, som stod i det solbjarte Romet midt imot Dyri; det var som eg høyrde den usynlege Meinvætte haadlægjande setja seg ved mi Sida. Lykjelen vardt set i Dyrlaaset, Hurdi sprang upp, Skogmeistaren trod ut med Handi full av Papir. Eg kjende liksom ei Dimma som lagde seg yver Hovudet, eg saag meg um, og – Rædsla – Mannen i Graafrakken sat ved Sida av meg og saag paa meg med eit Smil paa Lippurna, som var reint satanisk! – Han hadde kastat si Hulderkappa yver Hovudet paa meg med, ved Føterne hans laag baade hans og min Skugge fredelegt ved Sida av kvarandre; han leikade liknøgd med det kjende Pergamentet, som han heldt i Handi, og med di Skogmeistaren gjekk upp og ned med Papiri i Skuggen av Lauvverket, bøygde han seg tett innaat meg og kviskrade:
 
"So hev De likvel teket imot mitt Tilbod; her sit me baade tvo under ei Kappa. Vel, vel! Men no gjeve De meg ogso att mitt Fuglereir; De tarv det ikkje meir, og De er for ærleg til aa halda det fyr Dykk sjølv, veit eg – aa ingen Takk! tru meg, eg hev gjerna laant Dykk det." – So tok han det or Handi paa meg, stakk det i Lumma og log meg ut attaat, og det endaa so høgt, at Skogmeistaren saag seg um etter Ljoden. Eg sat der lik ein Tomsing og kunde Inkje segja, men rædd var eg.
 
( Meir).
 
1) Gn. snörgla ralle.
 

 

Frå Fedraheimen 26.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum