Rispur.

 
De va ei Gong i gamale Ti ei Kjering i Vaarnhus so va so utende gamale, at ho 'kji sjølv visste Alderen sin; men endaa vilde ho kji døy; d'e rart me di, d'e mange gamble Følk, so hatt Hug te leva um de vøre rae, aa te øldrogar dei blia, te mindre Hug faa dei te felle aav. Denne Kjeringje, e tala um, ba ei Gong te Gud, at ho skulde faa leva so lengje Vaarnhus staar. Ja, hona vart bønhørd, men ho kraup aa krøkna aa strukna ihop, te ho vart mest so liti so ei Humble. Daa toko dei 'o aa hadde 'o aav nie eit Bukkehødn aa hengde 'o uppi Taarne i Vaarnhus Festning. Der ska ho hengje den Dag i Dag e. De segjest ho ska liggje i ein Svevdn heile Aare endan igjøno, men te kor Jonsokhelg krabba ho ut or Hødne, set se uppaa Toppen paa di aa skrik, so de høyrest over heile Sta'en: "Enno stende Vaarnhus, aa enno leve e."
 
(H. E.)
 
" Det er snille Folk i den Stoga", sa Guten; "det var nære eg hae fengji Mat der; Kjeringji va alt at Skaape og lyste paa ei halv Kake!"
 

 

Frå Fedraheimen 26.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum