Slengjestev.

 
Kvar ein skal vera som alle hine
med same Meining og same Mine;
kvar ein skal tenkja og tala slik,
at han kann vera dei Andre lik.
 
Og er det Ein, som i Villa vankar
og liksom helst vil ha eigne Tankar,
daa skal han eltast fyrutan Stans
til dess han gjeng ifraa Vit og Sans.
 
Og er det Ein som vil "reformera"
og drøymer um, han vil "Storverk" gjera,
daa skal han klorast med Klo og Kniv
til dess han slepper sitt arme Liv.
 
For kvar skal vera som alle hine
med same Meining og same Mine,
og kvar skal stella seg nettupp slik,
at han kann vera dei andre lik! –
 
19.
 

 

Frå Fedraheimen 26.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum