Svorkmo, Orkedalen, 19de Juni

 
(Brev).
 
Sjeldan skrivst det nokot til Bladom herifraa, men aldri hev det vel fyrr hendt, at nokon hev vaagat aa senda Brev til eit Blad, som var skrivet paa norskt Maal. Men me kjem vel med so smaatt i Senn, etter kvart som her vert norske Avisur aa skriva i. – Eit gledelegt Tidarteikn er det, at me no til Vetren skal faa ein Folkehøgskule hit til Dalen. Tri gilde Bønder baud Skulen fritt Hus, um han vilde koma. Aalmugeskulen er etter Maaten væl stellt. Jamn Folkeupplysning er her ikkje; men god Botn trur eg her er i Folket, so med god Rettleiding kann her nok verta eit sunnt Folkeliv med Tidi.
 
Av Blad hev "Almuevennen" det største Tingartalet, men det hev minkat mykje no. Derimot vinn "Norge" stor Inngang. Det er eit gildt og attaat billegt Blad; dei meir Upplyste tek helst det. Men sjaa Almuevennen hev grott so fast i Folket, so dei hev vondt med aa skiljast fraa han. Dei kallar detta Bladet " Avisa", liksom der ikkje fannst fleire i Landet, og dei lit paa det mest som paa Bibelen. Og det hjelper dei daa og trutt til aa sjaa skjeivt paa andre Blad som og paa Landsens gildaste Menn.
 
Eit syrgjelegt Hende bar til her igaar. 3 Smaagutar ikring 6-8 Aars Aldren strauk ved Dugurdsleite nedaat Svorka Elv. Dei gjekk yver ein Timberlunn, som laag der, og daa foor den eine, ein 8 Aars Gut, ned millom Stokkom og kom under Timbret. Dei andre strauk heim, men torde ikkje tala um det fyrr Kl. 6 um Kvelden. Folk daa til aa leita, men det var mest raadlaust. Timberlunnen var ei 1000 Alner lang og botnsett; det var vandt aa vita kvar Guten laag. Fløytarar kom med Baadshakar og stod og stakk millom Stokkom; men Inkje fannst, og dei laut heimatt ærendslause. I Dagmorgo tok dei aat att; Vatnet var daa demt, so det var meir Von. Dei drog Stokkanne til sides og var so hepne aa raaka paa just det Romet der Guten laag – Lik. Han var nokot klembt paa den eine Kjaken, men hellest uskadd. Det vart ei tung Sorg paa Foreldrom, kann Ein skyna.
 
Det er hellest eit Guds Under, at ikkje slikt hev hendt fyrr her; for smaae ungar ligg og krabbar ute paa Timberlunnen stødt. Berre dei no agtar seg sidan daa.
 

 

Frå Fedraheimen 26.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum