Utlandet.

 
Det engelske Bladet Globe hev nyleg kunngjort tvo Dokument, som det segjer inneheld ei Semja millom England og Ryss land. Ho liknar den, som same Bladet opendagad den 31te Mai, og som seinare vart avsannad av Finansministeren Northcote, men ikkje i sterke Ordlag. Dei tvo Dokumenti, som Globe no kjem fram med, er dagteiknade den 30te Mai og underskrivne av Greiv Sjuvalof og Lord Salisbury. Hovudinnhaldet av det fyrste er dette: "1) England vil ikkje, at Bulgaria skal verta bytt etter Lengdi. Ryssland held seg likevel til Handa aa forsvara denne Tanken paa Kongressen, men vil ikkje halda honom fast, naar England neittar reint ut. 2) Bulgaria kjem ikke til aa rekka so langt sud som til det ægæiske Hav. Deilet fraa Lagos til Svarthavet vert aa setja nøgnare sidan. 3) Vestdeilet vert sett etter Folkeslag; men det maa ikkje ganga stort utum Lina fraa Novibasar til Krusjova-Balkan. 4) Bulgaria fell i tvo Luter; den nordanfyr Balkan fær politisk Sjølvstøda og sin eigen Fyrste, den sydre fær si eigi Embættesstyring og ein kristen Landshovding utnemnd med Europas Samtykkje. 5) Salisbury hev ikkje nokot imot Tsarens Ynskje um, at dei turkiske Herar ogso dreg seg burt fraa Sudbulgaria; likevel segjer Ryssland seg nøgd med, at Kongressen gjev dei turkiske Herar Fullmagt til aa draga inn att, um Upprør elder Aagrip utanifraa skulde koma paa. England held seg til Handa Rett til aa fyreslaa, at Sultanen fær Løyve til aa leggja Herfolk paa Landskilet aat Sudbulgaria, men Ryssland held seg att Rett til aa gjera Motforslag. 6) England krev, at Porten med Europas Samtykkje utnemner ein Øvsteførar fyr den sudbulgariske Folkeher. 7) Lovnadarne um Armenia maa gjevast England liksovel som Ryssland. 8) Dei andre Magter, serleg England, maa liksovel som Ryssland hava ei raadgjevande Røyst ved Tilskipingi av Stellet i Epirus, Thessalia og dei andre kristne Landsluter. 9) Ryssland lovar aa aldri taka Land i Staden fyr Krigsumkostnaden, og denne gjer ikkje nokon Aagang paa Englands Rett som Kravsmann. 10) Ryssland gjev fraa seg Bajasid og Alasjgertdalen, men krev Khoturlandskapet til Persia. 11) England tykkjer ille um, at Ryssland krev Bessarabia, men vil ikkje setja seg imot, sidan dei andre Magter ikkje vil forsvara dei umsamde Grensor fyr Rumænia med Vaapenmagt. England vil ikkje setja seg imot, at Batum vert hersett og dei armeniske Hervinningar fasthaldne. Det merkjer seg Rysslands Lovnad, at det ikkje vil flytja sine Landemerkje lenger fram i Asia. Dei Punktar i San Stefano-Semja, som ikkje er brigdade med dei ovannemnde Skilord, vil England ikkje setja seg imot. Baade Regjeringar vil hava dette Brevet fyr hinande, soframt dei ikkje paa sjølve Kongressen vert samde um Avbrigde." I det andre Dokumentet held England seg til Handa a) aa fyreslaa Europas Medverknad i Tilskipingi av Tilstandet i baade Bulgarialandi; b) aa gjera det skilbundet av Europas Samtykkje, kor lenge den ryske Hersetningi av Bulgaria skal vara; c) aa faa avgjort Namnet paa den sydre Luten av Bulgaria; d) aa faa dryftat alle Spursmaal, som kjem ved Skipsferdi paa Donau og e) Dardannellsundet og Bosporos; (Ryssland vil i so Maate krevja det Tilstandet, som er, uppehaldet). Endeleg f) vil England krevja, at Sultanen skal verna um Munkar av alle Folkeslag paa Berget Athos liksovel som dei ryske. – Desse Dokumenti hev vekkt stort Uppstyr og Misnøgje i England; dei hadde ventat seg større Utvinningar av den seinaste engelske Politik. Det hev voret fyrespurt i dei engelske Thing, um dei var ægte; men Ministrarne hev ikkje svarat reinspikkat korkje nei elder ja. Det trulegaste er, at dei i det store inneheld Sanning. – Denne Greida hev ogso vekkt aalmennelegt Misnøgje i dei fleste andre Land. I Ryssland tykkjer dei, at Sjuvalof hev gjevet for mykje etter; i Austrike er dei ille nøgde med Semja millom Ryssland og England, fyrdi Andrassy vert haldet reint utanfyre. Det wienste Bladet "Presse" kallar England "det svikalle Albion" og segjer, at det hev longo sidan aatvarat imot aa festa Lit til Engeland, for til sjaunde og sidst vilde det no svika Austrike. No viser det seg, kor sannt det spaadde. "Desse Avgjerder bak um Ryggen paa Austrike og dei andre Magter paa ei Tid, daa dei lagad seg til aa samlast paa ein Kongress og gav det austerlendske Spursmaal ut fyr aa vera heile Europa like mykje vedkomande, desse Avgjerder, som berre ser paa Englands Tarver og forraader alle andre, er so uhøyrt eit Hende i den moderne diplomatiske Historia, at sjølve Rysslands mangfalde politiske Handlingar, som det hev voret so hardt brigslat fyr, kjem reint atti Skuggen." I rak Motsetning til desse Røyster fraa Wien er det samstundes fraa Berlin fortalt, at Austrike og England hev næmat seg aat einannan, og at Tingandet paa Kongressen nettupp fyr den Skuld hev støytt paa nye Hindringar.
 
Etter eit Par Telegramm til Times skal det bulgariske Spursmaal no vera løyst og ei Semjing vera naadd millom Ausstrike, England og Ryssland. Bladet vil vita, at Regjeringi i St. Petersborg hev gjenget inn paa, at Bulgaria berre rekk aat Balkan, og at Balkanskardi vert feste og hersette av Turkarne. I so Fall vil den verste Luten av Kongressens Fyreloga vera løyst, men det er ikkje enno komet nokon endeleg Vissmun um, at Citybladet hev visst rett Greida paa Saki.
 
Grækland er misnøgd med, at det hev fengjet berre ei raadgjevande Røyst paa Kongressen. Fyrsteministeren Delyannis hev difyr reist heimatt, og den græske Utsendingen i Berlin skal freista aa taka Græklands Tarver i Vare.
 

 

Frå Fedraheimen 26.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum