Kristiania, den 13de December 1878.

 
Boknytt. Norsk Navnebog eller Samling af Mandsnavne og Kvindenavne af I. Aasen. Kristiania. P. T. Malling. 1878. 168 S. 8vo. Pris Kr. 1.20 Øyerr.
           
Det er eit nytsamt Arbeid, vaar namngjetne Aasen hev gjort ved aa skriva denne Boki. Og det er godt, at det er han, som hev gjort det; for Folk plar daa tru paa honom, um dei enn gjev Andre ein god Dag. Derattaat er Boki skrivi paa det officielle danske Bokmaal, so det er ikkje Tymt av Kjettarskap i Verket. Gjev no det var so vel, at Bok vart lesi! Det kunde turvast. Det er eit norskt Ordtøke ”aa gjeva nokot (elder nokon) eit Namn og lata det ganga”, og den Vanvyrding af Namn, som detta Ordtøket skjemtar med, hev det norske Folk til dessa i stor Mun lagt fyr Dagen. Det er reint harmelegt aa høyra all den Vyrdløysa og vera Vitne til all den Faakunna og Usans og Usmak, som Folk enno viser i Namnevegen her til Lands, helst paa Landsbygdi - Byfolket hev alt komet eit Stykkje paa Veg til det Betre. Og det er mangein Mann og Kvinna, som fær lida fyr namnet sitt, elder som gjeng her og skjemmest av det Namn, dei hev fengjet, og som langtifraa takkar Foreldre sine fyr det. Det er til ymis Mein aa heita Fordel, Mettinius, Olevinus, Judas, Barakias, Daniel, Benoni, Ezekiel, Jokumina, Barolina, Olianna, Sara, Andreana, Samsina Knudiana, Stenetta, Deborah, og den Hugnaden Folk finn i aa bera slike Namn, trur me dei fleste vilde umbera, endaa um Namnet – som fleire av dei nemnde – er teket like ut or Bibelen. Aasen segje: ”No hev framande Namnformer og Namnstuvar i nokre Bygder fengjet ei slik Yvervigt, at det mest ser ut, som um eit annat Folkeslag hadde hertekjet Landet og underkuat heile den gamle Ætti.” Det er merkverdugt, at Prestarne, som er æsthetisk danade Menn, so godt som aldri gjev Folk nokor Rettleiding i Namnesaki: dei stend so nær her og kunde gjera mykje til Betring i Namneskikken, naar dei vilde. Me meiner ikkje, at dei skulde negta aa skriva inn i Ministerialboki og døypa med det Namnet, Foreldri vil ha paa Barnet sitt, helder ikkje, at dei skulde preika um detta i Kyrkja, men dei kunde gjeva Raad og rettleidande Vink, baade naar Daap vart kravd og ellest i mange Tilfelle, endaa Tids nog til, at det Barn, som annars av Faakunna vilde faa eit Unamn, fekk eit Namn, som det var Hugnad aa eiga. Men det er vel Tilfellet med Prestarne og, at dei litet veit um og hev litet Skyn paa, um eit Namn er godt elder ikkje. Ogso dei vil difyr ha stor Hjelp i denne Boki liksom i dei Avhandlinger, Aasen fyrr hev skrivet (i Folkevennen), og i dei Stykkje, P. A. Munch skreiv um Namnesaki i ”Norsk Folkekalender” (1849 og 1854) og i ”Norskt Maanedsskrift” (3dje Band, 1857). Denne siste lange og forvitnelege Avhandlingi er uppatttrykkt i ”Samlede Afhandlinger” 4de Band Sida 27-215. Munch skreiv elles mest ut fraa eit reint vitenskapelegt, theoretiskt Syn paa Tingen, og difyr tok han det ikkje altid so grannt med, um eit Namn var plent norskt og i detta Tilfelle brukt i den senare Tidi, men Aasen hev byggt si Bok paa Folketeljings-Listurne (fraa 1801 og 1865), eldre Namne-Listur, det norske Diplamatarium og andre Uppteikningar, og Boki hans er difyr framifraa paalitande. Dei norske Namn, som er upførde i sjølve Namne-Lista, gjerer eit Tal av gode 600 – Forfattaren upplyser, at det norske Namneforraad fyr nokre Aarhundrad sidan var heile 1200 -; men derattaat hev Boki eit Stykkje um ”Navnenes Form og Dannelse,” som gjev gode Vink um, korleids Ein skal bera seg aat med aa tilskipa gode Namn etter den Namneskikk, som hev høyrt Landet til fraa gamal Tid, um Ein ikkje skulde lika nokot av deim, som er elder hev voret i Bruk, og dessutan finnst det Sida 50-54 Upplysning um Namn, som hev voret brukte men no er gjenge ut av Bruken, og som kann vera aa taka til paa nytt att. Framleides hev Boki greide Upplysningar um Namneskikken hjaa andre Folk, og endeleg finn Ein i den norske Deildi Tydning av Storparten av dei norske Namn og Namneled. Umfram det norske Namnestoff hev Boki eit Par Rekkjur framande Namn – ikring 200 -, men Tydningi er ikke der altid tilsett. Det er no – sett fraa ei Sida – ein Vant ved Boki, for det er mange, som gjeng og ber paa eit framandt Namn, og som kunde ynskja aa vita, kvat det tyder; men Forfattaren hev vel tott, at det laag utanfyr hans Veg aa gjeva likso god Skilgrein fyr framande som fyr norske Namn, og det kann me ikkje fortenkja honom i. Tydning paa mange av desse framande Namn, og det dei mest aalgjengde, er likvel tilsett.
           
Det er ein fager Skikk – soleids som Folk gjerer baade her til Lands og i Utlandet – aa kalla upp Skyldingar, fyrst og fremst Besteforeldri; men naar desse hev smaklause og ufagre Namn, bør Ein ikkje taka eit slikt Namn beintfram som det er, men i Staden velja eit, som ligg det so nær som moglegt i Ljod, men likvel høyrer vaart eiget Land og vaar eigen Namnskikk til. Finn Ein i Namne-Lista ikkje nokot Namn, som Ein tykkjer um, so hev Ein den Utveg, som Aasen viser, aa laga nye Namn av dei norske Namneled; t. D. av Forledet Vil -: Vilgrim, Vilmar, Vilmod, Vilmund, Vilstein, Vilbjørg, Vilgunn, Vilrid, - af Her – Herfinn, Hergard, Hergjest, Herstein, Hervard; Herdis, Herfrid, Hergunn, Hertrud; og av Etterledi – dis, - gunn, - hild, - trud, - veig, - run o. fl. ei Mengd av Namn, som er so norske og vel klingande som Ein berre kann ynskja seg. ”Kvifyr skal me ikkje ha fleire Namn med - ”run” enn berre Gudrun og kannhenda Oddrun?” spyr Aasen. ”Det kunde daa ogso ganga an aa heita Alvrun, Dagrun, Hallrun, Salrun, Sigrun, Tjodrun, Valrun, Vilrun, elder Øyrun.” Dei, som til dessa hev latet Borni sine døypa med norske Namn, hev fyr det meste vantat Syn fyr Utvikling av Namnforraadet paa denne Maaten, og Aasen fortener stor Takk fyr den Tanken, han hev kastat ut i det litle Kapitlet um Namnedaningi (”Om Navnenes Form og Dannelse”). Detta Kapitlet vil me difyr beda Lesararne leggja vel Merkje til; det er nytt og orginalt og utan Tvil det beste og nytsamaste i den heilt igjenom gode Boki. Ved aa taka etter dei Vink, Forfattaren her hev gjevet, kann me med Tid og Stunder faa tilskipat velklingande og høvelege Namn i Tusundvis.
           
Ein kann ogso missbruka norske Namn. Difyr er det godt aa ha eit rikt Utval aa taka til. Det er allvisst eit Namn, som mange Stadar vert hardla missbrukt: Olav, som vert uttalat Ola og skrivet Ole (Tydning Aa’a-leiv = Forfedernes Etterleivde). Annankvar Mann heiter i sume Bygder Ola, og av Menn med Tilnamnet Olsen er det mest so det yr; det hjelper jamvel ikkje stort, at sume skriv Olssen, Olson, Olsson elder Oleson, det vert endaa altfor mykje av det Gode. Det kom fyr nokre Aar sidan eit norskt Skip med norskt Mannskap til ein av vaare Hamnebyar. Ein Bymann, som bar det velklingande Namn Ole Olsen, gjekk Umbord, og paa Spursmaal um Namni aat det 8 Mann sterke Skipsmannskap fekk han Svaret: ”Me heiter Ole allesaman, so nær som Kapteinen; han heiter Ole Olsen”. Der bar dei Namnet Ole ”alle nie”.
 
Me ynskjer, at Aasens Bok maa verta ei verkeleg Folkebok. Og fyrdi det er Von um, at ho ogso vil koma til denne sin Rett, vil me beda Forfattaren gjeva Gaum etter ein Ting, som me trur er eit litet Misstak: det kann i Tilfelle, rettast i andre Utgaava. Det stend Sida 58-59, at den rette Namneskikk i Russland er likeins som i Noreg, Tydskland, Grekland og fleire Land: at ofta tvo Ord – appellative nomina meiner han vel – vert samansette til eit Namn. Til Prov paa detta er uppført Namnet ”Ratislav” som samansett av rati (Strid) og slava (Æra). Me kjenner ikkje den russiske Namneskikk so godt, at me torer segja, at russiske Namn ikkje kann lagast paa den grekisk-germaniske Maaten - Bogdan=Theodor er vel berre Umskrift fraa Grekisk -, men Namnet ”Ratislav” er etter vaar Meining ikkje ein Samansetning av tvo Ord; det er ein heil Setning. Naar tvo Nomina vert samansette, er Bindeljoden i Russisk ”o” elder ”e”, ikkje ”i”. Og liksom Mannsnamnet Rastislav kjem av slava og Bjodeformi (Imperativ) av eit Verbum, som tyder ”veksa”, og Namnet Vladimir av Substantivet mir (Fred) og Bjodeformi vladi av Verbet vladetj (raada, herska), soleids maa ogso Ratislav koma av ”slava” og Bjodeformi av det Verbum, som tyder strida. Tydningi av desse Namn, vert soleids: Veks (i) Æra! hersk (i) Fred! og strid (med) Heider. Denne Namnedaningi kjem, som Ein ser, næmast saman med dei bibelske Johannes= ”Gud er miskunnsam”, Immanuel = ”Gud (vere) med oss” o. s. fr., elder med den Namneform, som dei engelske Puritanarar brukte paa Cromwells Tid.
 

 

Frå Fedraheimen 14.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum